- Kommersielt er det sannsynlegvis det billegaste i Europa, seier sjef for IBM Norge, Arne L. Norheim om datalagringsanlegget i Nordfjord.
IBM har vore med på utvikling av datalagringsenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord nesten sidan ideen vart unnfanga.
- Vi har ein lang relasjon, seier Norheim.
Norheim seier IBM vil bruke senteret som eit "backup-senter" for nasjonale og internasjonale kundar.
For å verne seg mot samanbrot i eigne datalagringsenter lagrar bedriftene - til dømes ein bank - all informasjonen i to datasenter. Det eine er i drift, det andre blir heile tida oppdatert for å stå klart om det andre skulle bli slått ut.
Takka vere blant anna fiberkablar, som gjer det råd å frakte store mengder datainformasjon over store avstandar, får avstanden til kundane stadig mindre betydning for kvar datasentra ligg, i følgje Norheim.
Ved å bruke sjøvatn frå Nordfjord reduserer senteret dessutan elektrisitetsforbruket mykje samanlikna med eit luftkjølt anlegg. I tillegg kjem verknaden av at elektrisk kraft er billegare i Noreg enn i Europa.
Anderssson anslår at datalagringssenteret i Lefdal gruve har omlag halv kost samanlikna med eit gjennomsnittleg europeisk datalagringssenter.
IBM har vore med på utvikling av datalagringsenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord nesten sidan ideen vart unnfanga.
- Vi har ein lang relasjon, seier Norheim.
Ekstra tryggleik
IBM er partnar i prosjektet, og står for prosjektleiinga under bygginga fram til senteret kjem i drift i august 2016.Norheim seier IBM vil bruke senteret som eit "backup-senter" for nasjonale og internasjonale kundar.
For å verne seg mot samanbrot i eigne datalagringsenter lagrar bedriftene - til dømes ein bank - all informasjonen i to datasenter. Det eine er i drift, det andre blir heile tida oppdatert for å stå klart om det andre skulle bli slått ut.
Takka vere blant anna fiberkablar, som gjer det råd å frakte store mengder datainformasjon over store avstandar, får avstanden til kundane stadig mindre betydning for kvar datasentra ligg, i følgje Norheim.
Billegare drift
Det er billegare å bygge senteret i ein nedlagt gruve enn å sette opp eit nytt bygg oppe på bakken, seier marknadsansvarleg Mads Andersson i Lefdal Mine Datacenter.Ved å bruke sjøvatn frå Nordfjord reduserer senteret dessutan elektrisitetsforbruket mykje samanlikna med eit luftkjølt anlegg. I tillegg kjem verknaden av at elektrisk kraft er billegare i Noreg enn i Europa.
Anderssson anslår at datalagringssenteret i Lefdal gruve har omlag halv kost samanlikna med eit gjennomsnittleg europeisk datalagringssenter.
Vi har ein lang relasjon
Publisert: 25.08.2015 16:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46