- Vi er utruleg stolte over å vere ein av tre finalistar til Innovasjon Norges Reiselivspris 2018, seier dagleg leiar Oscar Almgren i Uteguiden.
Det Ålesund- og Stranda-baserte selskapet konkurrerer med Loen Skylift og Beitostølen Resort/Destinasjonskirurgane om prisen.
Uteguiden har i dag aktivitessenter både på Stranda og i Ålesund, og der desse to sentra dekker eit stort spekter av aktivitetar mellom hav og fjell.
"Bedrifta har på få år klart å skape ei sunn heilårsbedrift, som gjennom samarbeid sysselset langt fleire enn sine eigne tilsette," skriv Innovasjon Norge.
Det vert også vist til at alle aktivitetane Uteguiden tilbyr er naturbaserte og skal leggje igjen minst muleg påvirkning på naturen.
"Berre etter første driftsår har ein vist at ein kan ha store ambisjonar på små stader som let seg realisere".
Innovasjon Norge viser til at Loen Skylift satsar på helårsturisme og kan skape mange nye arbeidsplassar utanfor den tradisjonelle sommarsesongen.
Til saman jobbar det i dag 50 tilsette i Loen Skylift og Hoven Restaurant, fordelt på banedrift, administrasjon, butikk/billett, restaurant og bar.
Reiselivsprisen vert delt ut kvart år, og går til ein person, bedrift eller nettverk som har introdusert ei nyskapande reiselivsoppleving eller videreutvikla ei eksisterende reiselivsoppleving på ein innovativ måte.
Opplevinga skal ha bidratt til suksess for reiselivsbedrifta og hatt ei positiv innvirkning på Norge som reisemål.
Årets reiselivspris vert delt ut 7. november under kick off for reiselivsmessa 2019 i Oslo.
Det Ålesund- og Stranda-baserte selskapet konkurrerer med Loen Skylift og Beitostølen Resort/Destinasjonskirurgane om prisen.
- Ei sunn heilårsbedrift
I omtalen av dei nominerte viser Innovasjon Norge til at Uteguiden har vokse frå ei lita vinterfokusert einmannsbedrift til å bli den viktigaste opplevingsbedrifta for heilårsturisme på Nordvestlandet.Uteguiden har i dag aktivitessenter både på Stranda og i Ålesund, og der desse to sentra dekker eit stort spekter av aktivitetar mellom hav og fjell.
"Bedrifta har på få år klart å skape ei sunn heilårsbedrift, som gjennom samarbeid sysselset langt fleire enn sine eigne tilsette," skriv Innovasjon Norge.
Det vert også vist til at alle aktivitetane Uteguiden tilbyr er naturbaserte og skal leggje igjen minst muleg påvirkning på naturen.
- Ein reiselivsmotor
For Loen Skylift vert det vist til at dette har blitt ein motor for reiselivsnæringa i Loen og omegn."Berre etter første driftsår har ein vist at ein kan ha store ambisjonar på små stader som let seg realisere".
Innovasjon Norge viser til at Loen Skylift satsar på helårsturisme og kan skape mange nye arbeidsplassar utanfor den tradisjonelle sommarsesongen.
50 tilsette
Loen Skylift opna 20. mai 2017, som ei av dei brattaste gondolbanene i verda. Primus motor og hovedaksjonær er Hotel Alexandra – ei familiebedrift som har drive hotelldrift i generasjonar.Til saman jobbar det i dag 50 tilsette i Loen Skylift og Hoven Restaurant, fordelt på banedrift, administrasjon, butikk/billett, restaurant og bar.
Reiselivsprisen vert delt ut kvart år, og går til ein person, bedrift eller nettverk som har introdusert ei nyskapande reiselivsoppleving eller videreutvikla ei eksisterende reiselivsoppleving på ein innovativ måte.
Opplevinga skal ha bidratt til suksess for reiselivsbedrifta og hatt ei positiv innvirkning på Norge som reisemål.
Årets reiselivspris vert delt ut 7. november under kick off for reiselivsmessa 2019 i Oslo.
Publisert: 26.09.2018 11:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26