1 Skip i fart 807
ULMATEC: Gangbrua har 12 meter teleskopisk kompensering for trygt å frakte arbeidarar og utstyr til havvindturbinane. Illustrasjon: Ulmatec
Nytt

Hanka inn ny gangbrukontrakt

Ulmatec med sin andre store gangbrukontrakt. Sikrar godt med arbeid framover.

25.01.2023

Ulmatec-konsernet har satsa stort på å kome inn i marknaden for leveranse av hiv-kompenserte gangbruer til havvindmarknaden. No har det Hareid-baserte selskapet hanka inn sin andre store kontrakt til ein internasjonal kunde, noko som sikrar godt med arbeid for fleire av Ulmatec-selskapa.

Første kontrakten var med det amerikanske selskapet Eco Group - Edison Chouest Offshore. Det vert ikkje opplyst kven den nye kunden er, men i ei pressemelding vert det opplyst at den siste kontrakten dreier seg om ei 32 meter lang bevegelseskompensert gangbru med tilhøyrande logistikkstøttesystem.

Det vert opplyst at gangbrua har heile 12 meter teleskopisk kompensering, har trinnlaus justerbar høgde til vindturbinane, og har potensiale for kraftgenerering under gangbruoperasjonar.

Tett samarbeid med kunde
Gangbrua skal brukast til å frakte arbeidarar og utstyr til havvindturbinane, og med Ulmatec-løysinga vil ei tre tonns 3D-kompensert kran vere installert på undersida av gangbrua.

Kommersiell direktør Bjørnar Huse seier i pressemeldinga at ein saman med kunden har planlagt den optimale utforminga og utvikla fleire tilpassa løysingar.

- Dette viser kor viktig samarbeid mellom kunde og designar er, og fordelen våre kundar får overfor konkurrentane, seier Huse og viser til at gangbrusystemet er fullt integrert med systemet for dynamisk posisjonering (DP) og hjelper mannskapet med å velje rett tid og rute mellom vindturbinane.

Store ringverknader
Huse har tidlegare opplyst til NETT NO at ein på sikt også vil kunne nytte løysinga til å frakte arbeidarar og utstyr til oljeinstallasjonar.

Adm. dir. Iver Bjørnerem i Ulmatec seier i pressemeldinga at kontrakten gir betydeleg ringverknader, og sikrar både eigne tilsette og lokale leverandørar arbeid i lang tid framover.

Publisert: 25.01.2023 06:51

Sist oppdatert: 25.01.2023 17:39

Mer om