Ulmatec Hareid innfelt stig ulstein foto ulmatec marius 11
MEIR UAVHENGIG NYBYGG: Ulmatec-sjef Stig Ulstein (innfelt) fortel at konsernet merkar den drastiske nedgangen i ordrebøkene til dei store verfta, men at dei er mindre avhengig av nybygg enn før. Foto: Ulmatec/Marius Rosbach
Nytt

– Vi vil tene pengar i år også

Ulmatec taklar etterverknadene frå pandemien. Utvidar og samlar tilsette på Hareid.

Marius Rosbach
27.07.2022

Ulmatec-konsernet la bak seg et fjorår med auka aktivitet og nye pluss-tall til trass for at utfordringane kjem på løpande band.

– Om vi skal sjå kva som skjer rundt oss, så må vi seie oss nøgde. Vi har hatt våre utfordringar med pandemien, og no er det tilgang på delar og den underliggande inflasjonen som skapar problem, fortel administrerande direktør Stig Ulstein til NETT NO.

2022-omsetninga ligg an til å bli om lag som i fjor, ifølgje Ulstein. Og han er ikkje uroa for at utfordringane skal trua lønnsemda til industrikonsernet med hovudkontor i Ulsteinvik.

– Vi vil tene pengar i år også. Måten vi er organisert på, gjer at vi kan fordele arbeidet slik at vi gjer meir sjølv, fortel han.

Utvidar på Hareid

Ulmatec har utvida anlegget på Hareid betydeleg dei siste åra. Konsernet har eit stort investeringsprogram gåande, som mellom anna inkluderer eit større utviding ved Raffelneset.

Ferdig utbygd vil arealet totalt vere på kring 75 mål.

– Vi har bygd på eit produksjonslokale og er i gong med å fylle ut vidare i sjøen. For augneblinken ventar vi på ei uttale frå ein geolog for å kome vidare, fortel styreleiar Håvard Myrene, som har hand om prosjektet.

Ferdig utbygd vil gi bedrifta ny kai og meir areal for logistikk og lagring. Også dei tilsette frå Ulmatec Components skal flytte til Hareid frå Myrvåg i Herøy, for å samle meir av verksemda.

Håvard myrene ulmatec foto marius 11
UTVIDER: Styreleiar Håvard Myrene fortalde NETT om planane for å utvide arealet på Raffelneset i fjor. Framfor skipet på bildet blir det utvida med nytt areal. Foto: Marius Rosbach

Auka omsetning – mindre overskot
Ulmatec-konsernet (Ulstein Marine Technology) består av sju selskap, som oppstod i kjølvatnet av salet av Ulstein-gruppa til britiske Vickers.

Etter lågare omsetning i 2020, auka inntektene betydeleg i fjor. Omsetninga gjorde eit hopp på kring 84 millionar, til 413 millionar kroner i fjor. Det er høgaste omsetninga sidan 2013.

Eit resultat før skatt på 17,5 millionar kroner, er eit hakk ned frå 2020-overskotet (sjå tabell under). Eigenkapitalen i konsernrekneskapen er på 157 millionar og samla gjeld på 176 millionar.

Ulmatec (konsern)
Årsresultat (i mill kr)

2021
2020
Driftsinntekter
413,7
329,7
Driftsresultat
19,1 22
Res. før skatt
17,4
20,4

Mindre avhengig av nybygg
Ulmatec-sjef Stig Ulstein fortel at skipsserviceselskapet og Ulmatec Handling fekk god auka i fjor, saman med Ulmatec Baro-selskapet.

Ulmatec Pyro i Søviknes hadde ein nedgang i 2021, etter eit svært godt år i 2020.

– Både vi og heile den maritime industrien merkar at nybygginga hos dei store verfta har gått kraftig ned. Samtidig har vi gjort oss meir uavhengige av nye kontraheringar, fordi fleire av bedriftene våre får ordrar frå marknader som ikkje er relatert til nybygg, fortel Stig Ulstein.

14 eigarar
Stig Ulstein og familien har den største aksjeposten av dei 14 eigarane i konsernet. Via selskapet Ulmar, eigd dei drygt 32 prosent av aksjane.

Nest størst er Borgstein Invest, som er eigd av søskena Ingunn Ulstein Botnen, samt Svein Idar, Håvard, Morten og Henning Ulstein. Selskapet har ein eigardel på drygt 27 prosent.

Publisert: 27.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.07.2022 20:53

Mer om