DNB må legge fram all korrespondanse banken har hatt med Westcon i samband med krilltrålaren som verftet skulle levere for Rimfrost.
Det kjem fram i ei rettsavgjerd frå Hordaland tingrett tysdag.
Rimfrost har som kjent hamna i full krangel med Westcon etter at verftet sa opp avtalen om levering av ein ny krilltrålaren til Herøy-reiarlaget. Nyleg fortalde konkurrenten Aker Qrill Company at dei hadde ein avtale om å bygge om skipet.
Bygger sak til søksmål
Rimfrost har fleire gonger gått til retten for å få ut all kommunikasjon mellom verftet og banken, men er ikkje nøgd med kva dei har fått lagt fram.
Retten ber difor banken om å legge fram all korrespondanse som omhandlar skipsbygginga – også dokumentasjon banken har sendt til Westcon i samband med andre tvistesaker kring nybygget.
Saka er del av Rimfrost sitt arbeid med å hente inn bevis til ei rettssak.
I november fortalde Stig Remøy at det blei jobba med vitne og bevis for å få saka inn i ein ordinær rettsprosess.
– Rimfrost ønsker å få den opp så snart som mogleg, opplyste han til Nett No då.
Strid om grunnlaget for å heve avtalen
Utgangspunktet for striden som allereie har vore fleire rundar i retten, er om Westcon hadde grunn til å heve kontrakten med Rimfrost hausten 2022.
Bygginga var då fleire år forseinka frå det tyrkiske Tersan-verftet.
Etter planen skulle skroget til krilltråleren etter planen slepast til Norge for utrusting ved verftet i Florø. Mellom anna skulle det om bord ein ny krillfabrikk.
I rettsavgjerda tysdag kjem det fram at byggjelånsfinansieringa står sentralt:
«Rimfrost har anført at de fremprovoserte dokumentene er relevante for hevingsspørsmålet i voldgiftssaken, fordi de kan være egnet til å belyse hvorvidt Westcon misinformerte Rimfrost om dialogen med DNB, hvilke forutsetninger DNB satte for prosjektets videre forløp, og om Westcon lot byggelånsfinansieringen utløpe uten å informere Rimfrost», skriv retten.
Stoler ikkje på at dei har fått alt
Retten har to gonger tidlegare gitt Westcon beskjed om å legge fram all korrespondanse med banken.
I mai i fjor blei det lagt fram ein pdf-fil på 224 sider i ein anna bevistvist i saka. Berre få månader seinare blei det lagt fram ein ny pdf-fil – denne gongen på 657 sider.
På bakgrunn av dette meiner Rimfrost at Westcon ikkje har lagt fram all dokumentasjon, og retta kravet mot banken.
Står om fleire hundre millionar
Lite har vore kjent om innhaldet i striden. Tidlegare er det hevda at krangelen står om verdiar for kring 276 millionar kroner, men det er ikkje stadfesta av partane.
I avgjerda til Hordaland tingrett om bevissikring, blir det vist til Rimfrost si forklaring om at det dreiar seg om fleire hundre millionar kroner.
Rimfrost vil mellom anna ha ut dokument som omhandlar ein bankgaranti på 375 millionar som utløp – og om banken vurderte å informere Rimfrost om dette.
Selskapet vil også ha dokumentasjon som kan belyse kva tid, og av kven, banken blei informert om at byggekontrakten mellom reiar og verft var kansellert.
Publisert: 22.01.2025 09:21
Sist oppdatert: 22.01.2025 12:37