Den siste summen kom inn på kontoen til Ålesund-selskapet 15. oktober i år etter at Deep Ocean i ein valdgiftsdom vart dømd til å betale erstatning til Volstad Shipping.
Bakgrunnen var at Deep Ocean 8. februar 2016 terminerte kontrakten med IMR-skipet Volstad Surveyor ni månader før kontrakten gjekk ut.
- Vi miste inntekter på 225.000 kroner dagen. Vi var samstundes langt unna den take off-finansieringa vi hadde på nybygget i Tyrkia.
- Det var full krisestemning.
Slik oppsummerte adm. dir. Torstein Heggstad i Volstad Shipping dei dramatiske dagane i 2016 under ein konferanse i Ålesund måndag i regi av Sparebank 1 SMN.
- Denne banken har vore vår hovedbankforbindelse både under oppbygginga og restruktureringa, så no er det ‘pay back time’ ved at eg fortel litt om kva som skjedde, sa Heggstad.
Etter at brørne Ola og Eivind delte familieselskapet i to i 2003, satsa Eivind Volstad i Volstad Shipping på å byggje opp ei offshoreflåte, i tillegg til ein fabrikktrålar.
I 2007 og 2008 vart PSV-ane Volstad Viking, Volstad Supplier og Volstad Princess kjøpt.
I 2009 kom IMR-skipet Seabed Prince og året etter Volstad Surveyor.
- Eivind Volstad satsa på det beste.
- Dei tre PSV-ane skulle vere dei raskaste, og samstundes ha høg isklasse. Tersan-båten skulle løfte mest og høgast, sa Heggstad.
Men så kom nedturen.
- Vi trudde det skulle verte dårleg, men det vart mykje verre, sa Heggstad.
PSV-ane sleit med innteninga, ein fekk problem med å handtere gjelda, og så kom termineringa frå Deep Ocean.
- Vi var ikkje i nærheita av å kunne handtere gjelda.
Heggstad sa at selskapet raskt beslutta å gå i i tett samarbeid med bankane. I tillegg vart Wikborg Wikborg Rein engasjert som juridisk rådgivar.
- Vi bestemte oss for at uansett kva som skjedde, skulle vi prøve å behalde trålaren.
I april 2016 fekk selskapet avtale med obligasjonseigarane om å kjøpe ut 80 prosent av gjelda til 40 prosent av par verdi. Her bidrog Sparebank 1 SMN med 100 millionar kroner.
Måtte selje fartøyDeretter sette ein i gang med å selje unna skip.
19. mai 2016 vart Volstad Surveyor seld til eit amerikansk selskap som skulle bruke skipet i samarbeid med BBC til produksjon av TV-serier.
3. november same år vart Tersan-nybygget seld til Allseas, eit offshoreselskap styrt frå Sveits.
Øyvind Heggstad sa at etter refinansiering og fartøysal, trudde ein at situasjonen var under kontroll.
- Men saka var at vi tapte 100.000 kroner kvar dag på dei tre PSV-ane.
Dermed vart dei tre PSV-ane Viking, Supplier og Princess selde til Spetalen-kontrollerte Standard Drilling.
- Spetalen var villig til å betale ‘cash contant’ til ein pris vi var fornøgd med, men sa sjølv at det var eit skikkeleg røvarkjøp.
Etter sala stod selskapet att med eitt skip, men eit heilt reiarlag.
- Heldigvis har dei fleste fått nytt arbeid, sa Heggstad.
No har selskapet over 500 millionar kroner i bokført eigenkapital.
Torstein Heggstad seier at ein ikkje er heilt klar for nye investeringar.
- Vi får sjå. Vi sit ikkje heilt stille i stolen.
Bakgrunnen var at Deep Ocean 8. februar 2016 terminerte kontrakten med IMR-skipet Volstad Surveyor ni månader før kontrakten gjekk ut.
- Vi miste inntekter på 225.000 kroner dagen. Vi var samstundes langt unna den take off-finansieringa vi hadde på nybygget i Tyrkia.
- Det var full krisestemning.
Slik oppsummerte adm. dir. Torstein Heggstad i Volstad Shipping dei dramatiske dagane i 2016 under ein konferanse i Ålesund måndag i regi av Sparebank 1 SMN.
- Denne banken har vore vår hovedbankforbindelse både under oppbygginga og restruktureringa, så no er det ‘pay back time’ ved at eg fortel litt om kva som skjedde, sa Heggstad.
Bygde stort reiarlag
Han gjekk gjennom historia for Volstad-selskapa, ei historie med 60 år i fiskeri, seismikk og offshore.Etter at brørne Ola og Eivind delte familieselskapet i to i 2003, satsa Eivind Volstad i Volstad Shipping på å byggje opp ei offshoreflåte, i tillegg til ein fabrikktrålar.
I 2007 og 2008 vart PSV-ane Volstad Viking, Volstad Supplier og Volstad Princess kjøpt.
I 2009 kom IMR-skipet Seabed Prince og året etter Volstad Surveyor.
- Ville ha det beste
I 2013 vart nybygget Volstad Oceanic bestilt på Tersan-verftet i Tyrkia, samstundes som ein tok levering på den nye fabrikktrålaren Volstad.- Eivind Volstad satsa på det beste.
- Dei tre PSV-ane skulle vere dei raskaste, og samstundes ha høg isklasse. Tersan-båten skulle løfte mest og høgast, sa Heggstad.
Men så kom nedturen.
- Vi trudde det skulle verte dårleg, men det vart mykje verre, sa Heggstad.
PSV-ane sleit med innteninga, ein fekk problem med å handtere gjelda, og så kom termineringa frå Deep Ocean.
Refinansiering
Obligasjonslånet på 250 millionar vart umogleg å handtere og ein hadde ikkje råd til å ta ut nybygget frå Tersan.- Vi var ikkje i nærheita av å kunne handtere gjelda.
Heggstad sa at selskapet raskt beslutta å gå i i tett samarbeid med bankane. I tillegg vart Wikborg Wikborg Rein engasjert som juridisk rådgivar.
- Vi bestemte oss for at uansett kva som skjedde, skulle vi prøve å behalde trålaren.
I april 2016 fekk selskapet avtale med obligasjonseigarane om å kjøpe ut 80 prosent av gjelda til 40 prosent av par verdi. Her bidrog Sparebank 1 SMN med 100 millionar kroner.
Måtte selje fartøyDeretter sette ein i gang med å selje unna skip.
19. mai 2016 vart Volstad Surveyor seld til eit amerikansk selskap som skulle bruke skipet i samarbeid med BBC til produksjon av TV-serier.
3. november same år vart Tersan-nybygget seld til Allseas, eit offshoreselskap styrt frå Sveits.
Øyvind Heggstad sa at etter refinansiering og fartøysal, trudde ein at situasjonen var under kontroll.
- Men saka var at vi tapte 100.000 kroner kvar dag på dei tre PSV-ane.
Spetalen betalte kontant
I avisa les Heggstad at Øystein Stray Spetalen ville inn i offshore, og satsar på å bygje opp eit selskap ved å kjøpe rimelege skip.Dermed vart dei tre PSV-ane Viking, Supplier og Princess selde til Spetalen-kontrollerte Standard Drilling.
- Spetalen var villig til å betale ‘cash contant’ til ein pris vi var fornøgd med, men sa sjølv at det var eit skikkeleg røvarkjøp.
Etter sala stod selskapet att med eitt skip, men eit heilt reiarlag.
Pengar på bok
Etter omlegginga har ein gått ned frå 16 til åtte tilsette i administrasjonen, samt rundt 100 seglande offshoretilsette.- Heldigvis har dei fleste fått nytt arbeid, sa Heggstad.
No har selskapet over 500 millionar kroner i bokført eigenkapital.
Torstein Heggstad seier at ein ikkje er heilt klar for nye investeringar.
- Vi får sjå. Vi sit ikkje heilt stille i stolen.
Vi trudde det skulle verte dårleg, men det vart mykje verre
Publisert: 20.11.2018 15:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28






