Njål Sævik ÅKP foto Marius
LEIAR STYRINGSGRUPPA: Njål Sævik leiar styringsgruppa som har jobbe fram den nye strategien for GCE Blue Maritime. I bakgrunnen gjer Vard-sjef Fredrik Mordal Hessen og Kleven-sjef Kjetil Bollestad seg klare til direktesending med kommunikasjonssjef Elisabeth Solvang i ÅKP. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Har ikkje noko val

Den maritime klynga skal bli utsleppsfri, men ingen blir ekskludert, forsikrar Njål Sævik om den nye klyngestrategien.

Marius Rosbach
15.06.2021

Tysdag lanserte klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime sin nye strategi «New Blue Deal», som inneberer ei dreiing i grønare retning.

Målet til klynga skal bli utsleppsfri ved å designe, byggje, utruste og drifte fremtidas nullutsleppsfartøy.

– Ein har ikkje noko val på dette. Om klynga skal halde den sterke posisjonen, så er ein nøydt til å gå i denne retninga, seier Njål Sævik til NETT NO.

Klokka 14 blei strategien lansert i ei direktesending (ekstern lenke til opptak).

– Ein strategi for å vidareutvikle klynga
Havila Shipping-sjefen er leiar for styringsgruppa for den nye strategien.

– Klynga har vore god på miljø og utvikling av miljøtiltak innafor dei teknologirammene som er, men vi er i ei paradigmeskifte no og ein er nøydt til å ha enno meir fokus på det, for å framleis henge med og ligge i tet, legg han til.

Han forsikrar at også prosjekt som til dømes har som mål å halvere dieselforbruket, framleis vil ha ein plass i klynga, og påpeikar at det ikkje er mogleg å gå til nullutslepp over natta.

– Dette er tenkt som ein strategi for å vidareutvikle klynga, og vi må framleis leve med det vi har i dag. Dette er ikkje noko ekskludering av dei som har teknologi som vi trass alt må leve med i ein del år til, fortel Sævik.

Treng industrialisering
Strategien blei lagt fram på eit lanseringsmøte tysdag. Her fekk også medlemmane kome til orde med sitt syn på strategien.

Klyngesjef Per Erik Dalen påpeika også at prosessen med å kome til målet om nullutslepp, går gradvis, då han fortalde om strategien.

Han viste til at det har vore ein del pilotprosjekt her til lands, men at det er behov for å løfte utviklinga og industrialiseringa til nye høgder.

– For å skape arbeidsplassar og verdiskaping, så er ein nøydt til å skape skalerbare løysingar, sa Dalen og la til at dei no er på jakt etter prosjekt som kan passe inn.

Les meir om strategien

Sjå direktesending i opptak (ekstern lenke)

Samarbeid med vindkraftutbyggjar
På førehand fortalde Dalen til NETT NO at dei hadde fleire prosjekt som låg i vasskorpa og var aktuelle. Under sendinga kunne han fortelje at dei allereie hadde inngått eit samarbeid med Norseman Wind.

Konsortiet planlegg å søke konsesjon for bygge ut havvind sør i Nordsjøen. Også ASKO Fornybar/NorgesGruppen og det tyske energiselskapet EnBW er med i prosjektet.

Allereie i løpet av året blir det lansert to prosjektgrupper i GCE Blue Maritime.

Den eine skal jobbe med eit nybyggingsprogram for utsleppsfrie fartøy og den andre skal jobbe med ombygging, der ein vil få på plass utsleppsfrie løysingar på eksisterande skip.

Publisert: 15.06.2021 14:21

Sist oppdatert: 26.11.2021 11:30

Mer om