Nytt
Inviterer fiskarane inn i klyngesamarbeid
Hege Økland i NCE Maritime Cleantech inviterer fiskarane inn i eit samarbeid for å utvikle ny teknologi som kuttar utslepp og drivstoffkostnader.
27.01.2021
Økland er leiar for klyngeorganisasjonen Martime Cleantech, som mellom anna arbeider med å utvikle batteriteknologi og bruk av ammoniakk og hydrogen som drivstoff i skip.
Så langt manglar klyngeorganisasjonen fiskerbåtreiarar som medlemer. Det håpar Økland klynga snart får, etter at Regjeringa har varsla ein avgiftsauke på CO2-utslepp som omlag vil doble kostnaden med å bruke diesel som drivstoff i fiskeflåten.
- Det er ein liten wake-up call for denne flåten, seier Økland om kva ho trur blir effekten av avgiftsauken regjeringa vil innføre.
"Å utvikle nye løysingar for framtidas fiskeflåte er sjølvsagt lettare sagt enn gjort. Det krev ein stor koordinert innsats. Difor må alle gode kreftar jobbe saman for å legge til rette for låg- og nullutsleppsløysingar i fiskerinæringa. Difor inviterer eg interesserte på ein digital kaffikopp for å diskutere korleis me saman kan gjere framtidas fiskeflåte grøn!"
I dag har Maritime Cleantech mellom anna fire EU-prosjekt i gang for å teste ut bruk av anna drivstoff enn diesel; utvikling av eit hydrogendrive kystfrakteskip, eit ammoniakkdrive offshorefarty, ein batteridriven hurtigbåt og ei hydrogendriven ferje.
I tillegg til teknologiutvikling arbeider klynga inn mot styresmakten for å få endre reguleringar som står i vegen for teknologiutviklinga.
- Det er eit veldig godt handlingsrom for fiskarar for å få testa ut teknologi, med god offentleg risikoavlastning, seier ho.
Så langt manglar klyngeorganisasjonen fiskerbåtreiarar som medlemer. Det håpar Økland klynga snart får, etter at Regjeringa har varsla ein avgiftsauke på CO2-utslepp som omlag vil doble kostnaden med å bruke diesel som drivstoff i fiskeflåten.
- Det er ein liten wake-up call for denne flåten, seier Økland om kva ho trur blir effekten av avgiftsauken regjeringa vil innføre.
Fordel å stå saman
I eit innlegg i NETT NO inviterer Økland fiskarane til å bli med i klynga. Det er ein fordel å samarbeide, skriv ho:"Å utvikle nye løysingar for framtidas fiskeflåte er sjølvsagt lettare sagt enn gjort. Det krev ein stor koordinert innsats. Difor må alle gode kreftar jobbe saman for å legge til rette for låg- og nullutsleppsløysingar i fiskerinæringa. Difor inviterer eg interesserte på ein digital kaffikopp for å diskutere korleis me saman kan gjere framtidas fiskeflåte grøn!"
Starta i 2011
Maritime Cleantech har hovudkontor på Stord og blei etablert i 2011, delvis basert på arbeid som alt var i gang hos offshorereiarlag som vurderte bruk av naturgass og hydrogen som alternative energikjelder. Klynga har 134 medlemer.I dag har Maritime Cleantech mellom anna fire EU-prosjekt i gang for å teste ut bruk av anna drivstoff enn diesel; utvikling av eit hydrogendrive kystfrakteskip, eit ammoniakkdrive offshorefarty, ein batteridriven hurtigbåt og ei hydrogendriven ferje.
I tillegg til teknologiutvikling arbeider klynga inn mot styresmakten for å få endre reguleringar som står i vegen for teknologiutviklinga.
Støtte å hente
Slik Økland ser det, er det brei politisk oppslutnad om å redusere CO2-utslepp. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sa tirsdag at det ikkje er aktuelt å frita næringar frå den auka CO2-avgifta. Det gjer også at det er gode sjansar for offentleg støtte til tiltak som kan redusere CO2-utsleppa.- Det er eit veldig godt handlingsrom for fiskarar for å få testa ut teknologi, med god offentleg risikoavlastning, seier ho.
Det er eit veldig godt handlingsrom for fiskarar for å få testa ut teknologi, med god offentleg risikoavlastning
Publisert: 27.01.2021 06:00
Sist oppdatert: 15.06.2021 14:52