Dårleg børsår i nordvest
Berre fire børsnoterte selskap på Nordvestlandet har stige i verdi i år. Lønsemda gjekk ned i første halvår.
NETTNO-barometeret
To offshore-reiarlag, eitt verft- og mekanisk industriselskap og eitt slamsuging og industrirenovasjonselskap (i den rekkefølgja, sjå tabell) er dei fire selskapa som har gitt eigarane kursstigning på aksjane hittil i år.
For resten er det kursfall, med det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire nederste på lista med eit kursfall på 73,87 prosent sidan årsskiftet.
Hovudindeksen har falle 8,21 prosent i år, og dei fleste selskapa med kursfall på NETTNO si liste har falle over 20 prosent i verdi eller meir.
Mest minus på børsen | |
Kursutvikling hittil i år. I prosent. Pr. børsslutt fredag 30. september | |
Selskap | Kursendring |
Golden Energy Offshore Services | 164,00 % |
Havila Shipping | 93,48 % |
Havyard Group | 37,27 % |
Norva 24 | 0,59 % |
Hexagon Purus | -7,22 % |
Salmon Evolution | -7,44 % |
Hovudindeksen | -8,21 % |
Sparebanken Møre** | -21,17 % |
Havila Kystruten | -22,39 % |
Statt Torsk | -24,59 % |
Hexagon Composites | -27,18 % |
Endúr | -29,56 % |
Hav Group | -29,56 % |
Nortel | -30,18 % |
Arctic Bioscience | -36,8 % |
Hofseth Biocare | -53,62 % |
Atlantic Sapphire* | -73,87 % |
Svakare lønsemd
Halvårsrapportane for 1. halvår til børsnoterte selskap og selskap med med børsnoterte lån viser oppsving i driftsinntektene, men svakare lønsemd.
Resultatmarginen for bedriftene i tabellen under artikkelen gjekk ned frå 9,3 til 5,8 prosent frå 1. halvår 2021 til 1. halvår 2022. Resultatmarginen er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene.
Resultatoversikt og bransjesaker under saka
Ti selskap hadde minusresultat i første halvår.
Den svekka lønsemda for selskapa samla sett kan i stor grad forklarast med nykomaren Havila Kystruten, som i år har lagt fram sin første halvårsrapport.
Resultatet før skatt for Havila Kystruten blei minus 233,8 millionar kroner, medan Havila Shipping hadde den største resultatforbetringa målt i kroner, frå minus 111,6 til pluss 17,4 millionar kroner.
Artikkelen blir oppdatert
Selskap på Nordvestlandet | ||||
1. halvår. I mill. Kroner | ||||
Driftsinntekt | Res.f.skatt | |||
2021 | 2020 | 2021 | 2020 | |
Ekornes QM Holding | 2720,2 | 2103,3 | 247,5 | 207,8 |
Hexagon Composites | 2196,1 | 1480,5 | -209,0 | -156,60 |
Sogn og Fjordane Energi | 1269,2 | 743,4 | 133,3 | 246,1 |
Endúr | 1249,6 | 778,2 | 1,8 | -85,7 |
Norva 24 | 1134,9 | 895,3 | 100,3 | 24,9 |
Sparebanken Møre** | 789,0 | 758,0 | 445,0 | 403,0 |
Sparebanken Sogn og Fjordane** | 620,0 | 610,0 | 374,0 | 367,0 |
Tafjord | 581,3 | 819,3 | 143,7 | 184,3 |
Havila Shipping | 435,2 | 245,7 | 17,4 | -111,6 |
Hexagon Purus | 369,2 | 145,6 | -242,9 | -169,1 |
Hav Group | 358,7 | 611,6 | 21,4 | 56,0 |
Sparebank1 Søre Sunnmøre** | 150,2 | 144,8 | 83,4 | 76,4 |
Havyard Group | 129,3 | 629,6 | -17,6 | 70,7 |
Havila Kystruten | 113,6 | -233,8 | ||
Nortel | 90,7 | 40,2 | -24,2 | -16,5 |
Golden Energy Offshore Services | 59,9 | 23,6 | -23,0 | -22,2 |
Hofseth Biocare | 56,6 | 47,8 | -64,0 | -51,5 |
Ørskog Sparebank** | 23,5 | 19,7 | 12,5 | 10,7 |
Salmon Evolution | 19,5 | 0 | -12,0 | -15,6 |
Arctic Bioscience | 14,4 | 12,0 | -14,9 | -21,2 |
Atlantic Sapphire* | 9,7 | 10,9 | -14,5 | -51,5 |
Statt Torsk | 0,7 | 1,6 | -8,1 | -3,2 |
SUM | 12391,5 | 8789,1 | 716,3 | 942,2 |
*Tal i mill. US dollar | ||||
**Bank. Tal i kolonna for driftsinntekt er netto rente-, provisjon og andre inntekter |
Les også
Ekornes-konsernet auka inntektene i andre kvartal, men kostnadene auka meir. Har færre tilsette.
Klart for forhandlingsstart om samanslåinga av Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN.
Sanksjonar og forseinkingar prega første halvår for Havila Kystruten.
Betre tilgang på råstoff - og snart treng Hofseth Biocare ein partnar for å utvikle legemiddel.
Med bankresultata som målestokk ser det slett ikkje verst ut.
Dei første pasientane i Arctic Bioscience sitt store internasjonale testprogram er snart i gong.
2021 blei ein opptur for næringslivet på Nordvestlandet, som NETT NO har skrive i ein artikkel tidlegare i haust.
Inntektene til bedriftene i regionen steig over 17 prosent fra 2020 til 2021 - og resultatet før skatt steig over 30 prosent.
Bedriftene på Nordvestlandet enda med en resultatmargin på 8,2 prosent viser ei resultatoversikt selskapet Bisnode har laga på oppdrag for NETT NO.
Oversikta omfattar over 3000 bedrifter med over fem millionar kroner i driftsinntekter i kommunene i Nordfjord (medregnet den delen av Kinn som var Vågsøy kommune), alle kommunene på Sunnmøre og Molde, Rauma og Vestnes i tillegg.
Les også
Publisert: 03.10.2022 08:56
Sist oppdatert: 03.10.2022 09:55
Mer om
- Arctic Bioscience
- Atlantic Sapphire
- Ekornes
- Golden Energy Offshore Services
- Hav Group
- Havila Kystruten
- Havila Shipping
- Havyard
- Hexagon Composites
- Hexagon Purus
- Hofseth Biocare
- NETT NO-barometeret
- Nortel
- Norva24
- Salmon Evolution
- Sogn og Fjordane Energi
- Sparebank1 SMN
- Sparebank1 Søre Sunnmøre
- Sparebanken Møre
- Sparebanken Sogn og Fjordane
- Statt Torsk
- Tafjord
- Ørskog sparebank