Har sjøsett sjette Sunstone-skipet
Det Ulstein-designa skipet skal vere klar for cruisesesongen i Arktis neste år.
Under ein seremoni 16. september vart Ocean Albatros sjøsett frå det kinesiske CMHI Haimen-verftet.
Det 104,4 meter lange ekspedisjonscruiseskipet er det sjette i Miami-baserte Sunstone si Infinity-serie med design og utstyrspakke frå Ulstein.
Reduserer kapasiteten
Ulstein opplyser på si heimeside at saman med søsterskipet Ocean Victory vil Ocean Albatros verte chartra av selskapet Albatros Expeditions. Om bord i Ocean Victory er det plass til 185 gjestar i 93 suiter, der 68 har balkongar, ni med franske balkongar og 16 med panoramvindu.
No opplyser Albatros Expeditions at Ocean Albatros vil redusere kapasiteten samanlikna med søsterskipet, men vil ha same dekksplass.
Skipa er av ULSTEIN CX103 design.
Cruise med X-bow
Skipa har X-bow og er også utstyrte med batteripakkar. Ulstein opplyser at skipa er spesialdesigna for å operere i tøffe vêrtilhøve, både i Arktis og Antarktis.
Det Miami-baserte cruiseselskapet satsar stort på opplevingscruise til arktiske område, og har no ein flåte på 15 skip.
Ulstein har tidlegare opplyst at det kan verte ti Ulstein-designa skip i serien.
Publisert: 20.09.2022 04:59
Sist oppdatert: 20.09.2022 08:34