Dette går fram av aksjonæroversikta etter den siste emisjonen i Ulstein-baserte World Wide Supply.
Den Marokko-baserte investoren Arne Fredly har rett nok teikna seg for aksjar for berre 840.000 kroner, men har dermed fått aksjar i det nye offshoreselskapet med 92 prosent rabatt i forhold prisen dagleg leiar Rita Sævik i Ervik & Sævik måtte betale.
Rita Sævik var i starten fjerde største aksjonær i World Wide Supply. I fjor kjøpte ho i regi av Ervik & Sævik 2,5 millionar kroner aksjar i selskapet til ein aksjekurs på 12 kroner aksjen. Total investering var 30 millionar kroner.
Sævik sit dermed framleis på 2,5 millionar aksjar. Med ein aksjekurs på ei krone, har Sævik dermed på eitt år eit papirtap på 27,5 millionar kroner på investeringa. Hennar eigardel i World Wide Supply er samstundes redusert frå 11,3 prosent til 1,6 prosent.
Det har ikkje lukkast NETT NO å få kommentar med Rita Sævik. Gjennom reiarlaget Ervik & Sævik eig ho snurparen Christina E. Ho har elles ei rekkje styreverv, også i World Wide Supply.
Heller ikkje Dønna-selskapet Dønna Invest var med på den siste emisjonen. Dette selskapet gjekk inn med 31,8 millionar kroner ved den første emisjonen til 12 kroner aksjen, men har ikkje skote inn frisk kapital no når prisen er redusert med 92 prosent. Dermed er papirtapet på rundt 28 millionar kroner.
- Ingen kommentar, er einaste kommentaren frå dagleg leiar Jonny Berfjord i Dønna Invest.
Remøy Management var i utgangspunktet største aksjonæren i selskapet med tre millionar aksjar etter ei investering på 36 millionar kroner, inkludert eit aksjonærlån på seks millionar kroner.
I den nye emisjonen deltek Remøy Mangement gjennom at aksjonærlånet er konvertert til aksjar. Selskapet sit dermed på vel ni millionar aksjar i World Wide Supply, og har dermed eit papirtap på rundt 25 millionar kroner.
Samstundes har Remøy Mangement redusert sin eigardel i selskapet frå 13,6 til 5,9 prosent.
- For dei som ikkje er med vidare er dette ei brutal prising. For dei som er med vidare, har det lite å seie, medan det bør vere ein svært interessant pris for dei nye aksjonærane.
Av dei store eigarane som var med frå starten av, har både Larvik-selskapet Lundhs Labradoreksport og Ulstein-selskapa Nordvestor Aktiv og Sydvestor teikna seg fullt ut i den siste emisjonen, førstnemnde med 15,2 millionar kroner og dei to siste med samla 18,9 millionar - inkludert konvertering av aksjonærlån til aksjar.
På lista over nye aksjonærar som har satsa meir enn ein million kroner i World Wide Supply finn ein også Holberg Norge, Frydenbø Investment, Otterlei Group, Toluma Norden, Wenaasgruppen, Imagine Capital, EWS Stiftelsen, Martoun Capital og MP Pensjon.
Frå før er også Becker Invest, Hareid Elektriske, Frydenbø Invest og Gjerde Invest store aksjonærar i selskapet. Alle desse har deltatt fullt ut i dumpingemisjonen.
Den Marokko-baserte investoren Arne Fredly har rett nok teikna seg for aksjar for berre 840.000 kroner, men har dermed fått aksjar i det nye offshoreselskapet med 92 prosent rabatt i forhold prisen dagleg leiar Rita Sævik i Ervik & Sævik måtte betale.
Rita Sævik var i starten fjerde største aksjonær i World Wide Supply. I fjor kjøpte ho i regi av Ervik & Sævik 2,5 millionar kroner aksjar i selskapet til ein aksjekurs på 12 kroner aksjen. Total investering var 30 millionar kroner.
Frå 11,3 til 1,6 prosent
Gjennom ein dumpingemisjon til ein kroner aksjen, har selskapet no henta inn 130 millionar kroner. Ifølgje aksjonærlista etter den siste emisjonen, var ikkje Sævik mellom dei som teikna seg for nye aksjar i emisjonen.Sævik sit dermed framleis på 2,5 millionar aksjar. Med ein aksjekurs på ei krone, har Sævik dermed på eitt år eit papirtap på 27,5 millionar kroner på investeringa. Hennar eigardel i World Wide Supply er samstundes redusert frå 11,3 prosent til 1,6 prosent.
Det har ikkje lukkast NETT NO å få kommentar med Rita Sævik. Gjennom reiarlaget Ervik & Sævik eig ho snurparen Christina E. Ho har elles ei rekkje styreverv, også i World Wide Supply.
Heller ikkje Dønna-selskapet Dønna Invest var med på den siste emisjonen. Dette selskapet gjekk inn med 31,8 millionar kroner ved den første emisjonen til 12 kroner aksjen, men har ikkje skote inn frisk kapital no når prisen er redusert med 92 prosent. Dermed er papirtapet på rundt 28 millionar kroner.
- Ingen kommentar, er einaste kommentaren frå dagleg leiar Jonny Berfjord i Dønna Invest.
Tap for Remøy Management
Den tredje store aktøren med eit betydeleg papirtap er Herøy-selskapet Remøy Management, som har driftsansvaret på dei seks PSV-skipa til World Wide Supply.Remøy Management var i utgangspunktet største aksjonæren i selskapet med tre millionar aksjar etter ei investering på 36 millionar kroner, inkludert eit aksjonærlån på seks millionar kroner.
I den nye emisjonen deltek Remøy Mangement gjennom at aksjonærlånet er konvertert til aksjar. Selskapet sit dermed på vel ni millionar aksjar i World Wide Supply, og har dermed eit papirtap på rundt 25 millionar kroner.
Samstundes har Remøy Mangement redusert sin eigardel i selskapet frå 13,6 til 5,9 prosent.
Brutal prising
Dagleg leiar Jostein Sætrenes i World Wide Supply vedgår at prisinga i emisjonen er brutal.- For dei som ikkje er med vidare er dette ei brutal prising. For dei som er med vidare, har det lite å seie, medan det bør vere ein svært interessant pris for dei nye aksjonærane.
Av dei store eigarane som var med frå starten av, har både Larvik-selskapet Lundhs Labradoreksport og Ulstein-selskapa Nordvestor Aktiv og Sydvestor teikna seg fullt ut i den siste emisjonen, førstnemnde med 15,2 millionar kroner og dei to siste med samla 18,9 millionar - inkludert konvertering av aksjonærlån til aksjar.
Odfjell tungt inn
Største investor i siste runde er derimot Bergen-selskapet J O Odfjell, som har teikna aksjar for 22,5 millionar kroner til ein krone per aksje. Odfjell eig dermed 14,8 prosent av aksjane i World Wide Supply, sju gongar meir enn Ervik & Sævik og Dønna Invest, sjølv om desse selskapa har investert 7,5 millionar kroner meir i selskapet.På lista over nye aksjonærar som har satsa meir enn ein million kroner i World Wide Supply finn ein også Holberg Norge, Frydenbø Investment, Otterlei Group, Toluma Norden, Wenaasgruppen, Imagine Capital, EWS Stiftelsen, Martoun Capital og MP Pensjon.
Frå før er også Becker Invest, Hareid Elektriske, Frydenbø Invest og Gjerde Invest store aksjonærar i selskapet. Alle desse har deltatt fullt ut i dumpingemisjonen.
For dei som ikkje er med vidare er dette ei brutal prising
Publisert: 27.06.2014 16:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34