Som administrerande direktør i Næringsforeningen i Ålesundregionen har Lene Trude Solheim fått eit langt breiare bransjefelt å jobbe med, enn i jobben ho hadde som kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group.
– Det skjer enormt mykje spennande i regionen nye Ålesund og Sunnmøre, seier ho til NETT NO etter kring tre veker i den nye jobben.
Det er ein overgang å gå frå å leie organisasjonsarbeidet og all kommunikasjon i eit stort konsern med fleire hundre menneske fordelt på ulike selskap - til å jobbe i eit selskap med to andre kollegaer.
– Vi sitter i eit kontorfellesskap med 16 andre i Ålesund, men eg skal uansett ikkje sitte mykje på kontoret. Eg skal ut til medlemane og organisasjonar og finne ut korleis vi kan bidra best og samarbeide, seier ho.
Alt dreiar seg i botn om vilkåra for bedriftene i regionen. Ei konkret sak ho vil jobbe for, er til dømes betre finansiering for eksportnæringane. Det var ei anbefaling som Menon Economics også i ein rapport om korleis bedriftene her til lands kan bli betre på eksport.
– Når det til dømes kjem til Møreaksen og Hafast, så skal vi ha begge deler, påpeiker Solheim. Ho legg til at ho har gått ein «god skule» i Ulstein Group, som blir leia av Hafast-styreleiar Gunvor Ulstein.
– Skal du bygge bedrift, må du bygge samfunn, og skal du bygge samfunn, så må du bygge samferdsel. Eg er villig til å diskutere ein kvar god ide som kan føre til auka og enklare mobilitet av folk, varer og transport.
Hindringar som blir lagt i vegen for å drive «verdiskapande business» er eit anna tema som fleire tek opp.
– Eg merkar frustrasjon ute hos mange, og vi er nøyd til å jobbe meir for å forenkle prosessar for kva bedrifter må gjennom av skjema og reguleringar, seier ho.
– Du har masse aktørar som kvar for seg har sine ambisjonar, også må vi danne oss eit bilde av kvar vi kan samarbeide og kvar ser vi at vi kan få til meir, seier ho.
Nettverkssamlingane til næringsforeininga har vore svært populære mellom medlemmane. Fleire samlast til dømes gjennom bransjegruppa for havbruk, eksportnettverket, U37 og Byggebørsen.
– Eg er også oppteken av korleis vi kan få dynamikken mellom det offentlege og private til å fungere. Den nerven var det som gjorde at eg verkeleg hadde lyst på denne jobben. Det er noko eg verkeleg brenn for å jobbe med, fortel Solheim.
– Mi erfaring er dei sakene der ein får gjennomslag, er der bedriftene har gjort ein grundig jobb med å dokumentere akkurat kvar skoen trykker. Vi må for eksempel fortelje korleis ei bedrift som skal eksportere slik eller sånn, møter ei hindring som gir direkte konsekvensar for dei, seier ho.
– Det er ingen som vil at ting skal vere tungvint eller at bedrifter skal tape business på unødige ting. Då er det vår jobb å formidle slike opplevingar, og eg trur vi kan få til mykje her framover, legg ho til.
Solheim fortel at ho ikkje har tilsvarande erfaringar, og i Ulstein-konsernet har dei vore svært opptekne av å rekruttere breitt – og internasjonalt.
– Det er viktig å vere bevisst på å få inn eit mangfald av menneske, både i bedriftene og styra. Det gjeld både kvinner og menn, men også ulike profesjonar, seier ho.
– Det er viktig å få meir variasjon i kompetansen til leiargrupper og styrer. Det er mangfald for meg. Her synes eg at det er ei endring på gong, men eg trur vi også må vere litt tolmodige og bruke tid på å bygge opp kompetansen hos folk.
Heilt frå barnsbein har ho vore vande med at også jentene i familien blei oppmuntra til å ta utdanning.
– Eg er oppteken av at alle – både kvinner og menn – må ønske og tore og ta ansvar og rekke opp handa. Ein må vere bevisst på kva ein vil - og ikkje minst kva som ligg naturleg for ein. Ein skal like det ein skal bruke tid på, viss ikkje er det ikkje noko kjekt, avsluttar ho.
– Det skjer enormt mykje spennande i regionen nye Ålesund og Sunnmøre, seier ho til NETT NO etter kring tre veker i den nye jobben.
Det er ein overgang å gå frå å leie organisasjonsarbeidet og all kommunikasjon i eit stort konsern med fleire hundre menneske fordelt på ulike selskap - til å jobbe i eit selskap med to andre kollegaer.
– Skal ikkje sitte på kontoret
Solheim trur at ho skal klare å få den nødvendige «positive friksjonen» som ho opplevde i Ulstein Group, og som gir motivasjon og nye impulsar.– Vi sitter i eit kontorfellesskap med 16 andre i Ålesund, men eg skal uansett ikkje sitte mykje på kontoret. Eg skal ut til medlemane og organisasjonar og finne ut korleis vi kan bidra best og samarbeide, seier ho.
Alt dreiar seg i botn om vilkåra for bedriftene i regionen. Ei konkret sak ho vil jobbe for, er til dømes betre finansiering for eksportnæringane. Det var ei anbefaling som Menon Economics også i ein rapport om korleis bedriftene her til lands kan bli betre på eksport.
Les også:
Samferdsel og verdiskaping går att
Heilt sidan ho var ung har ho vore oppteken av samferdsel. Det er også eitt av to tema som går igjen når bedrifter tek kontakt for å diskutere saker.– Når det til dømes kjem til Møreaksen og Hafast, så skal vi ha begge deler, påpeiker Solheim. Ho legg til at ho har gått ein «god skule» i Ulstein Group, som blir leia av Hafast-styreleiar Gunvor Ulstein.
– Skal du bygge bedrift, må du bygge samfunn, og skal du bygge samfunn, så må du bygge samferdsel. Eg er villig til å diskutere ein kvar god ide som kan føre til auka og enklare mobilitet av folk, varer og transport.
Hindringar som blir lagt i vegen for å drive «verdiskapande business» er eit anna tema som fleire tek opp.
– Eg merkar frustrasjon ute hos mange, og vi er nøyd til å jobbe meir for å forenkle prosessar for kva bedrifter må gjennom av skjema og reguleringar, seier ho.
Fleire spennande bransjar
Byggebransjen, fiskeeksporten og oppdrett, saman med informasjonsteknologi, økonomi og advokatmiljøa, er nokre av næringane der Solheim ser spennande utvikling i regionen.– Du har masse aktørar som kvar for seg har sine ambisjonar, også må vi danne oss eit bilde av kvar vi kan samarbeide og kvar ser vi at vi kan få til meir, seier ho.
Nettverkssamlingane til næringsforeininga har vore svært populære mellom medlemmane. Fleire samlast til dømes gjennom bransjegruppa for havbruk, eksportnettverket, U37 og Byggebørsen.
– Eg er også oppteken av korleis vi kan få dynamikken mellom det offentlege og private til å fungere. Den nerven var det som gjorde at eg verkeleg hadde lyst på denne jobben. Det er noko eg verkeleg brenn for å jobbe med, fortel Solheim.
Best resultat med «ekte» historier
Solheim oppmodar bedrifter til å ta kontakt om dei har problemstillingar dei vil ha løfte fram. I møte med politikarane på Mørebenken er det gjerne ikkje nok å seie at «noko» må gjerast.– Mi erfaring er dei sakene der ein får gjennomslag, er der bedriftene har gjort ein grundig jobb med å dokumentere akkurat kvar skoen trykker. Vi må for eksempel fortelje korleis ei bedrift som skal eksportere slik eller sånn, møter ei hindring som gir direkte konsekvensar for dei, seier ho.
– Det er ingen som vil at ting skal vere tungvint eller at bedrifter skal tape business på unødige ting. Då er det vår jobb å formidle slike opplevingar, og eg trur vi kan få til mykje her framover, legg ho til.
Varsko om rekruttering
Forgjengaren Bente Lund Jacobsen om rekrutteringa i næringslivet i regionen. Bakgrunnen var at ho hadde fått informasjon om at mange søkarar til stillingar frå andre kantar av landet, ikkje vart kalla inn til intervju.Solheim fortel at ho ikkje har tilsvarande erfaringar, og i Ulstein-konsernet har dei vore svært opptekne av å rekruttere breitt – og internasjonalt.
– Det er viktig å vere bevisst på å få inn eit mangfald av menneske, både i bedriftene og styra. Det gjeld både kvinner og menn, men også ulike profesjonar, seier ho.
Oppteken av mangfald
Medan økonomar og juristar går att som styremedlemar i dag, trur Solheim at personar med erfaring frå merkevarebygging, kommunikasjon og informasjonsteknologi kan ha like relevant kunnskap.– Det er viktig å få meir variasjon i kompetansen til leiargrupper og styrer. Det er mangfald for meg. Her synes eg at det er ei endring på gong, men eg trur vi også må vere litt tolmodige og bruke tid på å bygge opp kompetansen hos folk.
Heilt frå barnsbein har ho vore vande med at også jentene i familien blei oppmuntra til å ta utdanning.
– Eg er oppteken av at alle – både kvinner og menn – må ønske og tore og ta ansvar og rekke opp handa. Ein må vere bevisst på kva ein vil - og ikkje minst kva som ligg naturleg for ein. Ein skal like det ein skal bruke tid på, viss ikkje er det ikkje noko kjekt, avsluttar ho.
Les også:
Mi erfaring er dei sakene der ein får gjennomslag, er der bedriftene har gjort ein grundig jobb med å dokumentere akkurat kvar skoen trykker
Publisert: 22.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 11.05.2021 08:47