Har verftsrapport klar i januar
Næringsministeren måtte svare på kvifor ikkje handlingsrommet i EØS-avtalen vart utnytta i nytt ferjeanbod.
Regjeringa har sett som mål i Hurdalsplattforma at ein skulle utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen for å sikre at ein større del av verdiskapinga ved offentlege byggeoppdrag skjer i Norge.
Difor ville stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad (SV) vite kvifor ikkje næringsdepartementet nytta mulegheita til å avgrense utlysinga av nye anbod for ferjer på Sognefjorden til EØS-området.
Skal ha nye ferjer på Sognefjorden
Statens vegvesen gjekk nyleg ut med anbodsopplegget for nye ferjeruter Lavik-Oppedal i 2026 til 2034.
Ved tildeling skal prisen vektast 60 prosent, automatisering 30 prosent og gjennomføringsevne 10 prosent. Alle hovudfartøy skal óg driftast med nullutsleppsløysing, opplyste vegvesenet nyleg.
- Verftsbransjen har fått vurdert det juridiske handlingsrommet for anbudsutlysninger og gitt råd til regjeringa om at eit mogleg grep er å avgrense offentlege anbod innafor EØS området og at dette kan bidra til at fleire kontraktar kan vinnast av norske verft, påpeiker Kjerstad i eit skriftleg spørsmål i Stortinget til næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Ventar på rapport i januar
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) viser i sitt svar til at krava som er sett til nullutslepp og en utviklingsdel som er knytt til teknologi, vil gjere at norske verft vil ligge godt an i konkurransen.
Når det gjeld mulegheita til å avgrense anboda til EØS-området, viser statsråden til at Noreg har også forpliktingar knytt til offentlege anskaffingar gjennom WTO og frihandelsavtaler.
Samtidig har departementet gåande eit arbeid der eit eksternt utredningsmiljø skal greie ut det EØS-rettslege handlingsrommet for å stille kvalitetskrav, til eksempel knytt til HMS og arbeidsforhold.
- Utredninga vil vere klar i januar, og vil vere eit viktig utgangspunkt for den vidare oppfølginga av ambisjonane i Hurdalsplattforma, svarar Vestre.
Publisert: 28.11.2022 10:31
Sist oppdatert: 06.02.2023 10:09