Gunvor Ulstein Cathrine Marti Per Vidar Kjølmoen Foto Marius 11
«STORE MOGLEGHEITER»: Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein og konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti diskuterer med stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap). Ulstein meiner ei stamme med verft i Norge vil gi «ekstremt store mulegheiter på eksportmarknaden». Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Medan graset gror, så døyr kua

Gunvor Ulstein er ikkje trygg på at hjelpa frå regjeringa kjem raskt nok for verfta.

Marius Rosbach
23.06.2022

Det kom ingen nye målretta tiltak mot verfta i regjeringa sitt vegkart for eit grønt industriløft som blei lagt fram torsdag.

Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein fekk presentert planen av Per Vidar Kjølmoen (Ap) i lokala deira i Ulsteinvik, saman med mellom anna konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti.

– Eg synest det er mykje opp igjen det same som er sagt før, men no er det pakka inn i eit fint dokument, seier Gunvor Ulstein til NETT NO etterpå.

– Ei investering for framtida
Ho påpeiker at det er fint at regjeringa vil bruke opptil 60 milliardar på eit grønt løft for industrien. Men ho viser til at fleire av tiltaka er ting som skal utgreiast – og som ein seinare skal kome tilbake til.

– Og medan graset gror, så døyr kua, seier Ulstein og meiner ordtaket som beskriver korleis ein omstendeleg prosess kan gjere at hjelpa kjem for seint – passar godt på næringspolitikken for dei store verfta.

– Både bedrifta og oss som eigarar, treng å sjå at ein verkeleg ønsker å vere med å bidra. Det kostar noko, men det er ei investering for framtida, legg ho til.

(saka held fram under)

Per Vidar Kjølmoen på ulstein group foto marius 11
SJU SATSINGAR: Næringspolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Per Vidar Kjølmoen, la fram regjeringas industrisatsing i lokala til Ulstein Group. Foto: Marius Rosbach

Har tapt milliardverdiar
Ulstein-familien har tapt kring 1,2 milliardar kroner i løpet av dei siste åra med underskot og omstilling. I fjor kunne konsernet for første gong sidan 2014 levere eit rekneskap med overskot.

Sjølv om økonomien er bra hos mange mindre og mellomstore verft, er dei fleste store nybyggingsverft i same situasjon som konsernet i Ulsteinvik.

Det første vi burde slutte med, er å sende skattebetalarane sine pengar ut av landet for å bygge skip der,
Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein seier at ho ikkje er trygg på at draghjelpa frå styresmaktene kjem raskt nok til å berge ein levedyktig verftsnæring i framtida.

– Nei, det er eg ikkje – og det første vi burde slutte med, er å sende skattebetalarane sine pengar ut av landet for å bygge skip der, seier ho.

Provosert av statleg skipsbygging i utlandet
Ulstein viste til eit eksempel Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen sjølv trekte fram, der staten brukar fleire milliardar kroner på nye hydrogenferjer i Lofoten – men lar prisen vere avgjerande. Konsekvensen er at oppdraget truleg hamnar i Tyrkia.

At staten stiller krav om norsk løns- og arbeidsvilkår til verfta her heime, gjer at kostnadsnivået hos dei norske verfta blir høgare enn hos konkurrentane i utlandet.

Det har provosert bransjen at staten samtidig bidreg til bygging i utlandet hos verft som ikkje må ta slike omsyn.

– Tyrkia er ein av våre argaste konkurrentar, og dei er mellom dei ti verste landa i verda når det kjem til arbeidsvilkår. Då er det ein dobbeltmoral ute og går, seier Ulstein om situasjonen.

– Må akseptere at det blir litt dyrare
– Vi ønsker eit seriøst arbeidsliv, men då må vi finne løysingar som gjer at vi kan kappe inn litt av forspranget dei har grunna billigare arbeidskraft, seier ho.

På det punktet får Gunvor Ulstein full støtte frå Per Vidar Kjølmoen:

– Den tida skal vere forbi, at alle offentlege oppdrag går ut av landet fordi det er billigast. Vi har ikkje brukt handlingsrommet som finst, seier han.

– Eg er sikker på at det er fullt mogleg å lage kontraktar for både ferjer og andre båtar, slik at Ulstein og andre norske verft er konkurransedyktige. Og vi må akseptere at det blir litt dyrare for staten, legg Kjølmoen til.

Vil snu ulemper til fordel
Å finne ut korleis det kan leggast til rette for at fleire offentlege oppdrag går til norske verft, er mellom tiltaka i vegkartet Kjølmoen og regjeringa la fram. Der heiter det at ein skal greie ut handlingsrommet i EØS-avtalen i samband med statlege kjøp av fartøy.

– Vi må snu det som er ulemper, til ein konkurransefordel, ved at det blir stilt krav til miljø, arbeidsforhold og andre forhold, seier Kjølmoen.

Gunvor Ulstein påpeika at regjeringa allereie no kunne stilt krav om norske løns- og arbeidsvilkår, til eksempel ved Enova-støtte.

– Vi er i gong med dette og jobbar med å sjå på det no, forsikra Kjølmoen.

(saka held fram under)

Per Vidar Kjølmoen grafikk eksport foto marius 11
EKSPORTVINNARAR I VEST: Per Vidar Kjølmoen hadde med tal som understreka kvifor det er viktig for eksportsatsinga å lukkast på Vestlandet. Møre og Romsdal har størst eksportinntekter per sysselsatt i fastlandsindustrien. Foto: Marius Rosbach

Kjølmoen delar uroa for verfta
Arbeiderpartiets næringspolitiske talsmann delar uroa til Gunvor Ulstein kring framtida for dei store verfta.

Kjølmoen meiner for stor del av offentleg støtte har gått til andre delar av maritim næring, og understrekar at det nettopp no er ekstra viktig å ta vare på verft og leverandørindustri langs kysten.

– No står vi ved startskotet for ei stor fornybarsatsing, og truleg vil det snart vere meir enn nok å gjere for alle skipsverft i heile verda, sa Ap-politikaren då han la fram planen.

Må ha fleirtal i Stortinget
Regjeringa anslår at dei vil bruke 60 milliardar kroner til industriløftet dei neste to åra. Satsinga er retta mot sju næringar, og maritim industri er ein av desse.

Sjølve finansieringa er avhengig av støtte frå eit fleirtal i Stortinget.

– Tiltaka begynner å bli konkrete,men korleis det skal betalast, må vi kome tilbake til i statsbudsjetta for åra framover, understreka Kjølmoen.

Les vegkartet og dei 100 tiltaka her (eksterne lenker)

Desse næringane vil regjeringa satse på

Vegkartet inneheld satsingar på sju områder:

  • Maritim industri
  • Havvind
  • Hydrogen
  • Batteri
  • CO2-handtering
  • Prosessindustri
  • Skog-, trenæring og annen bioøkonomi

Publisert: 23.06.2022 16:11

Sist oppdatert: 24.06.2022 00:51

Mer om