Klippfisk portugal innfelt roger apneseth foto Johnny Thomassen Norges sjømatråd aalesund seafood
PORTUGAL: Etter at det blei bråstopp i klippfisksalet i Brasil, auka Aalesund Seafood-konsernet salet til Portugal, fortel dagleg leiar Roger Apneseth (innfelt). Foto: Johnny Thomassen/Norges Sjømatråd/Aalesund Seafood
Nytt

Hardt straffa i Brasil

Aalesund Seafood klarte å veie opp bråstoppen i klippfiskproduksjonen med auka sal av andre produkt.

Marius Rosbach
14.04.2021

Aalesund Seafood-konsernet auke dei samla inntektene i fjor, til trass for at det vart bråstopp på den brasilianske marknaden for klippfisk.

Selskapet med kontor i Moloveien i Ålesund, har dei siste åra delt verksemda i klippfisk og saltfiskproduksjon gjennom selskapet Brødr Aarseth, og sal av fisk- og fiskeprodukt gjennom Aalesund Seafood-selskapet.

Kort sagt gjekk blei det eit tøft fjorår for produksjonen av klippfisk, medan sal og eksport av frossenfisk gjekk betre – og gjorde at inntektene for konsernet auka samla sett (sjå tabell under).

– Klippfisken går i all hovudsak til Brasil og der blei det heilt stopp grunna Covid 19, fortel dagleg leiar Roger Apneseth til NETT NO.

Aalesund Seafood (konsern)
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 231,2 225
Driftsresultat 1,8 2,6
Res. før skatt 0,6 2

Stoppa produksjonen og permitterte
Produksjonen av klippfisk skjer på Ellingsøya i samarbeid med samarbeidspartnaren Brasmar-Comercio Prod. Alimentares. For tida er kring ti tilsette i arbeid her, medan det i eit normalår er jobb til om lag det dobbelte, ifølgje Apneseth.

Rekneskapen for 2020 viser at det blei underskott for Brødr. Aarseth-selskapet, og eigenkapitalen er tapt.

Etter at koronapandemien slo til, blei produksjonen stoppa og alle arbeidarane var permittert frå slutten av mars til august.

– Vi starta opp att i september og har hatt ein forsiktig produksjon. Vi har auka salet litt mot Portugal, også håpar vi at den brasilianske marknaden vil ta seg opp at på sikt, seier Apneseth.

Kva tid det vil skje, er umogleg å seie – og nett no har Brasil ein smitteutvikling som er ute av kontroll. I årsrapporten viser leiinga til at mellom anna lågare kostnader vil gjere resultatet betre. Dei meiner difor det er grunnlag for vidare drift.

Stor auke i salet
Gjennom Aalesund Seafood-selskapet driv konsernet sal og eksport med tre tilsette i Ålesund.

Denne delen av verksemda auka inntektene betydeleg i fjor frå kring 115 til 161 millionar kroner – og enda med overskot (sjå tabell under).

– Vi klarte å kompensere sopass her, at konsernet auka inntektene og fekk eit plussresultat, legg Apneseth til.

Knappare marginar
2020 blei det tredje året med plussresultat for salsverksemda, men kostnadene auka som følgje av pandemien, og gjorde marginane knappare.

Dei viktigaste produkta er frossen kvitfisk og klippfisk, og mesteparten av eksporten går til Kina, England, Portugal, Spania og Brasil.

Aalesund Seafood AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 161 115,4
Driftsresultat 3,2 2,7
Res. før skatt 2,1 1,9
Brødr Aarseth AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 73,3 113,7
Driftsresultat -1,3 -0,05
Res. før skatt -1,6 0,1

Publisert: 14.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 14.04.2021 02:11

Mer om