Fisk supermarked foto Norges sjømatråd
NYE VANAR: Fleire oppdaga rimeleg norsk fisk gjennom daglegvaremarknaden under pandemien. Spørsmålet er kor mange som vil halde fram vanen når prisane stig. Foto: Norges Sjømatråd
Nytt

Analyse: Fiskekundar med nye vanar

Om berre nokre prosent av daglegvaremarknaden held fast på vanane dei skaffa seg under pandemien, kan det gi betydelege ekstrainntekter frå norsk sjømat.

Marius Rosbach
05.04.2021

KORONA-KONSEKVENSANE:

Koronapandemien har i høgste grad påverka eksporten av norsk sjømat. Då store delar av verda stengte ned i fjor – og la hotell-, restaurant- og cateringmarknaden brakk – var gode råd dyre. Logistikken måtte leggast om og nye marknader erobrast på kort tid.

«Armar og bein for å få laksen fram», var tittelen på ein NETT NO-artikkel i midten av mars i fjor, der fiskeeksportør Botholf Stolt-Nielsen i Oceans Supreme fortalde om situasjonen.

Før pandemien blei 75-80 prosent av fisken frå Ocean Supreme frakta med fly. Det meste gjekk i buken på passasjerfly og i første rekke til Asia. Då koronarestriksjonar blei innførde globalt, stupte talet på flygingar og det blei stadig vanskelegare å finne fly som kunne frakte.

Dette er tiande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

I staden for å selje til asiatiske marknader, blei eksportørane tvungne til å vri seg over mot den europeiske marknaden, for å kompensere for nedgangen i flyfrakt. Spesielt kvitfisk gjekk det meir av til Aust-Europa, i staden for til Asia.

Eit anna trekk var at etterspurnaden i større grad gjekk over frå fersk heil fisk, til foredla produkt med lengre haldbarheit på grunn av overgang til meir sal i daglegvarebutikkar. Kva det kan føre til skal vi kome tilbake til, etter å ha løfta blikket litt.

Det store bildet er at etterspurnaden etter norsk sjømat har gått ned som følgje av pandemien. Då eksportverdien for heile sjømatnæringa blei summert opp til 105,6 milliardar etter fjoråret, var det likevel den nest høgaste verdien som er registrert.

At store delar av næringa trassa utfordringane i koronaåret, var også oppsummeringa frå Norges Sjømatråd for 2020. Til saman auka eksportvolumet med to prosent. Verdien vart derimot redusert med éin prosent samanlikna med rekordåret 2019.

Det trass alt gode resultatet blir også forklara med ei svekt norsk krone, omstilling i næringa og vekst i enkeltartar som makrell og sild.


Også lakseeksportørane i Oceans Supreme leverte eit resultat om lag som året før, trass i at det på fleire vis blei vanskelegare å nå kundane. Forklaringa er mykje av den same som for resten av bransjen, med meir satsing mot den europeiske marknaden og meir sal til daglegvarer. I årsrapporten for 2020 meiner Ocean Supremes-leiinga at det er snakk om ein langsiktig trend.

Analytikar Finn-Arne Egeness i Nordea stadfestar at bortfallet av det sokalla horeca-marknaden (hotell, restaurant og catering) delvis er kompensert av auka etterspurnad i daglegvarebutikkar, saman med at fleire spisestader satsar på ta-med-heim-mat.

Om det er ein langsiktig trend er analytikaren meir usikker på. At forbrukarane i daglegvarebutikkar i større grad vil ha filetar og produkt pakka for å ta rett ut av kjøle- eller frysedisken, er ikkje utan utfordringar for norsk fiskeindustri.

Hos dei norske aktørane som har hatt moglegheit til å emballere og selje meir av fisken som foredla produkt, har det auka produksjonen. Men kapasiteten til å foredle fisken i Norge er avgrensa. Mange har difor vore avhengige av industri i utlandet.

Egeness påpeiker at pris blir eit verkemiddel når mange vil inn i butikkhyllene. Det gjer at prisen for eit dyrt produkt som norsk laks, må ned for å vinne fram hos forbrukarane. Samtidig har fisken i løpet av det siste året møtt konkurranse i butikkhyllene frå rimelege bifftypar, som eigentleg var meint for horeca-marknaden.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Men etterspurnaden etter fisk frå verdas restaurantar og hotell kjem tilbake. Når befolkninga er vaksinert og det blir letta på smitteverntiltaka, spår Virke at nettopp slike bransjar - som har vore hardast råka som følgje av smitteverntiltak – også vil ha størst auke framover.

Då vil også prisane stige og verdien på norsk sjømat truleg sette nye rekordar.

Noko av det som blir spennande å sjå er kor mange av dei nye forbrukarane som har oppdaga norsk fisk under pandemien, som framleis vil halde fram med å kjøpe norsk laks eller torsk når prisane stig.

Egeness meiner det er god grunn til å tru at mange har lært meir om å lage fisk heime, eller kjøpt meir fisk som ta-med-heim-mat – og at det kan ha ein positivt effekt på etterspurnaden framover.

Bere små bevegelsar i positiv retning kan utgjere store summar for bransjen som er ei berebjelke i det eksportretta næringslivet.

Dette er tiande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 05.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 12.04.2021 13:46

Mer om