Hareid-hotell lagt ut for sal
Vil selje etter at dei ikkje fekk moglegheit til ny drift av asylmottak.
Melshorn Hotell i Hareid sentrum er lagt ut for sal til 8,5 millionar kroner.
Eigar og tidlegare hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll fortel at ho har fått seg anna jobb. Når det ikkje vart aktuelt med drift av asylmottak på staden, har ho vald å legge ut eigedomen for sal.
- Så får vi sjå om det er nokre som kunne tenke seg å kjøpe eit hotell, eller om det er kreative aktørar som vil finne på noko anna. Det blir spennande å sjå kva som rører seg i marknaden, seier ho til NETT NO.
Tomta er på knappe fire mål og hotellbygget har 30 rom. Bygningane også har resepsjon, kjøkken, spisesal, møterom og andre funksjonar som har høyrt til drifta.
Røssevoll har hatt hotellet ute for sal tidlegare, men ombestemte seg då moglegheita til å drive asylmottak dukka opp. No er det klart at det ikkje blir mottak på Melshorn-hotellet.
- Kommunen har starta eit mindre mottak for einslege mindreårige. Etter at dei flytte ut i haust, avgjorde vi å ikkje starte opp ny drift, men i staden legge ut eigedomen, fortel ho.
Tok over i 2014
Røssevold tok over hotellet på Hareid i 2014. Selskapet hadde kontraktar til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og cateringoppdrag for bedrifter.
Etter oljeprisen fall vart drifta tøffare, og hotellet vart ei periode leigd ut til flyktningmottak, før det vart gjort om til eit «bed & breakfast»-hotell i 2016.
Sidan har det både vore asylmottak for familiar og akuttmottak for ukrainske flyktningar på staden.
Publisert: 10.02.2023 05:00
Sist oppdatert: 09.02.2023 18:42