Akuttmottak gav pluss
UTLEIGD TIL FLYKNINGMOTTAK: Linda Haddal Røssevold la Melshorn Hotell på Hareid ut for sal i fjor. Ventar plussresutlat i år, etter utleigeavtale med kommunen.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sal av Hareid-hotell er avlyst

Utleige til flyktningmottak fekk Linda Haddal Røssevold til å ombestemme seg. Ligg an til pluss i år.

23.06.2022

I fjor var Melshorn Hotel på Hareid lagt ut for sal med ei prisantydning på ni millionar kroner.

I april i år trekte eigar og dagleg leiar Linda Haddal Røssvold hotellet frå marknaden, etter at hotellselskapet hennar hadde fått ein leigeavtalte med Hareid kommune.

Kommune brukar hotellbygget som aktuttmottak for ukrainske flyktingar. Leigeavtalen er i første omgang ut september i år. Den kan forlengast, til april 2024.

– Var interesse før vi trekte det,

– Vi har bestemt oss for å legge det ut for sal. Grunnen til det er at eg tenkjer det kan vere andre som ser andre moglegheiter. For meg nærmar det seg 12 år på eigar- og drivarsida. Det har vore kjempespanande, med mange oppturar og nokre nedturar, sa Linda Haddal Røssevold til Vikebladet Vestposten då hotellet vart lagt ut for sal i oktober 2021.

- Det var interesse før vi trekte det, men ikkje noko som vi såg ville føre til sal, seier Haddal Røssevold til NETT NO.

Oljesmell
Haddal Røssevold tok over hotellet på Hareid i 2014. Selskapet hadde kontrakter til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og også cateringoppdrag for bedriftene.

Men då oljeprisen fall merka ho raskt at det blei tøffare, sjølv om langvarige kontrakter gjorde at verknaden først kom i løpet av 2015.

Ligg an til pluss i år
Hotellet vart leigd ut til flyktningemottak ein periode etter oljeprisfallet, før det vart gjort om til eit Bed & Breakfast-hotell i 2016.

Frå og med 2017 har hotellselskapet drive med underskot. Med utleigeavtalen seier Haddal Røssevold at det kan ligg an til plussresultat i år.

Melshorn Hotell as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt1,22,2
Driftsresultat-0,5-0,1
Resultat før skatt-0,7-0,3

Publisert: 23.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.06.2022 23:51

Mer om