Hareid-reiarlag med milliardinvestering
Bygger i Tyrkia, men dei to nye brønnbåtane «skal fullspekkes» med norsk utstyr.
Intership skal bygge to brønnbåtar ved Sefine-verftet i Tyrkia. Det opplyser brønnbåtreiarlaget på Hareid i ei pressemelding torsdag.
Til saman utgjer bygginga av dei to båtane ei investering på kring 1,2 milliardar.
Frå før har reiarlaget to båtar under bygging ved det spanske
Zamakona-verftet, som blir levert i haust og neste vår. Totalt utgjer
dette investeringar på kring to milliardar kroner.
Store leveransar frå Norge
Fartøya skal «fullspekkes» med norsk utstyr, ifølgje meldinga.
Dagleg leiar Ole Peter Brandal påpeiker at val av norske leverandørar har vore ein suksessfaktor i arbeidet med å sikre tilgjengelegheit og effektiv drift.
So langt er det gjort avtaler til ein verdi av kring 700 millionar kroner frå norske leverandørar for dei fire båtane - 300 millionar på dei to første, og førebels 400 millionar for dei to siste. Ein rekke av desse oppdraga går til selskap på Nordvestlandet.
Får 11 båtar i flåten
Dei to nye brønnbåtane vil ha tankar på 6500 og 4000 kubikk,
som både kan fungere som ein vanleg brønnbåt, og som behandlingsfartøy
mot lus og sjukdom.
Båtane vil ha hybrid framdrift med batteripakke om bord.
Etter at Intership har teke i mot dei fire nybygga, vil dei ha 11 brønnbåtar i flåten. Båtane deira seglar både i Norge, Chile, Skottland, og på aust- og vestkysten av Canada.
Publisert: 14.07.2022 10:12
Sist oppdatert: 14.07.2022 20:03