Hareidshandelen vekstvinnar paa oeya
BUTIKKLEIAR: Sigrid Jønsson i butikken i Kjøpmannsgata - ei miljøgate dei fleste gjennomreisande aldri ser, fordi dei køyrer i tunnel under. Ho er også butikkleiar og styremedlem i Hareid Næringsforum.
Nytt

Hareidshandelen vekstvinnar på øya

Med miljøgate på plass og nye bygg på veg opp i sentrum, ser handelsdrivande i Hareid lysare på framtida. Og dei veks langt meir enn storebror Ulstein.

Marius Rosbach
18.01.2020
Fleire næringsdrivande i Hareid sentrum har vore gjennom ei stri tørn det siste året med vegarbeid og store byggeprosjekt i sentrum. Men rett før jul kom miljøgata på plass og næringsdrivande har samla seg i prosjektet Vekst i Hareid - som er i ferd med å tilsette leiar for organisasjonen.
Det er gode grunnar til å vere meir optimistisk enn på lenge på vegner av handelen i Hareid.
– Ja, det begynner å kome seg. Vi forsøker å ha like opningstider og samle oss om felles arrangement som julegrantenning og slikt, fortel Sigrid Jønsson til NETT NO.

Vegbygging i ni månader

Jønsson har drive garn- og strikkebutikken Trådkråa sidan 2016, og hatt sine utfordringar i den perioda. I ni månader var det vegbygging rett utfor døra – eit arbeid som eigentleg skulle ta langt kortare tid.

Då var ho takksam for at butikken er i ein bransje i medvind.
– Eg har tråd og garn, og difor opplever eg god vekst. Om eg ikkje hadde vore i ein bransje som har ei så etterspurd vare, så trur eg ikkje at eg hadde overlevd denne vegbygginga, fortel ho.
Det er likevel eit stykke arbeid som står att med å få alle kundane tilbake.
No er miljøgata på plass med benkar og breie fortau. Nokre klagar framleis på at det er for få parkeringsplassar, men då NETT NO er innom fredag ettermiddag er det fleire ledige plassar rett utfor døra til butikkane.
– Folk på Hareid er vande med at dei kan køyre omtrent inn i butikken, seier ho og humrar.

Veks langt meir enn Ulstein

SSB-tal for dei ti siste åra for detaljhandel per innbyggjar viser at Hareid har hatt ein vekst på 15 prosent. Det er om lag midt på treet av kommunane på Nordvestlandet.
Men det er langt meir enn Ulstein på andre sida av øya. Nabokommunen har hatt ein vekst på skarve 1,2 prosent i åra frå 2008 til 2018.
Berre Herøy med ein vekst på 20 prosent, har opplevd større oppsving enn Hareid i handelen på søre Sunnmøre desse åra.

Les også:




– Tøft å drive handel

Nokre meter frå garnbutikken ligg Sport 1-butikken. Her har Erling Hareide vore dagleg leiar ei årrekke gjennom selskapet Sportssenteret Hareid.

– Generelt er det tøft å drive handel – også på Hareid. Men takka vere at vi er med i Sport1-kjeda, hadde vi ei lita auke i omsetninga i fjor, fortel han til NETT NO.
I løpet av det komande året vil eit splitter nytt helsehus stå klart nokre meter nedi gata. Tvers over gata skal Coop bygge ny og større daglegvare.
Då trur Hareide det blir meir sving på forretningane.
– Vi får sjå framover og eg trur det blir bra når den nye butikken og helsehuset kjem på plass. Så får vi tole at det er litt rot før det er ferdig, legg han til.

Ulstein-ordføraren bekymra

Ulstein er framleis «storebror» med ei omsetning i handelen per innbyggjar, som er meir enn det doble av Hareid.
Sjølv om større enkeltbedrifter med hovudkontor andre stader, kan gi skeive utslag i statistikken – viser SSB-tala at utviklinga for handelen i kommunen har vore flat dei ti siste åra.

– Det har stått omtrent stille, både når det gjeld omsetning per innbyggjar og i kroner og øre. Det har bekymra meg, når vi samtidig ser at kommunane rundt oss opplever vekst, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh til NETT NO.
Han har ikkje funne noko svar på kvifor det har vore slik, men fortel at dei handelsdrivande generelt melder om små marginar og tøff konkurranse.
– Handelsnæringa er ikkje noko gullgruve lengre, og dei kjempar mot netthandelen, seier Engh.

Har satsa på Ulsteinvik sentrum

Ulstein-ordføraren fortel at dei frå tid til anna har hatt førespurnader frå større aktørar som har ønska å etablere seg i utkanten av sentrum.

Førebels har kommunen takka nei.
– Fleire har stilt spørsmål ved at Ulstein har satsa på å ha flest mogleg folk og detaljhandel i sentrum. Det kan hende at vi hadde hatt eit kortsiktig gevinst på å bygge ut på plassar som Holsekerdalen eller Saunesmarka, men vi er redde for at det er negativt for sentrum på sikt, legg han til.

Les også:



Folk på Hareid er vande med at dei kan køyre omtrent inn i butikken

Publisert: 18.01.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50