Børsdagen: Hav Group-fall etter analyse
Meiner Hav Group framleis er meir verdt enn dagens børskurs, men krig og andre negative faktorar reduserer verdien.
Torsdag fall aksjekursen i Hav Group med 5,28 prosent, til 15,80 kroner per aksje.
Det prisar heile selskapet til 553 millionar kroner.
Hav Group vart børsnotert i fjor. Høgaste aksjekurs ved slutten av ein børsdag så langt er 17,80 kroner, frå 21. mars i år.
Toppnoteringa kom imidlertid like etter at aksjehandelen opna 11. mars i år. Då vart det handla ein aksjepost til 20,20 kroner før kursen fall igjen.
Også 20,20 kroner er under kursmålet i ein Fearnley Securities-analyse som Finansavisen omtala torsdag.
Ifølgje avisa har Fearnley Securites sett kursmålet til 22 kroner og ventar 556 millionar kroner i driftsinntekter i år og 700 millionar kroner neste år.
I si førre analyse sette Fearnley Securties 25 kroner aksjen som kursmål. Nedjusteringa er grunngjeven med at det er sannsynleg at prosjekt til forseinka på pandemi, geopolitiske spenningar og inflasjonstrykk, skriv avisa.
I november 2020 skilde Havyard Group ut datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, og samla dei i Hav Group. Hav Group blei notert på Oslo Børs i mars i 2021.
Etter at Havyard Group i desember i fjor bestemte seg for å dele ut ein del av aksjane sine i Hav Group som utbytte blei Havyard Group sin eigarandel i Hav Group halvert, til 33,3 prosent.
Med dagens aksjekurs er Havyard Group sin aksjepost i Hav Group verdt 184 millionar kroner.
Det er meir enn verdien på Havyard Group, som i tillegg Hav Group-aksjane eig skipsverftet Havyard Leirvik.
Tilsynelatande er det dermed billegare å bli eigar i Hav Group gjennom Havyard Group, men det er ei vurdering det vanskeleg å sette to strek under før Havyard Group-årsrapporten ligg på bordet og verftet kan vise til ei lengre periode med positive resultat.
Publisert: 21.04.2022 16:53
Sist oppdatert: 21.04.2022 20:30