Havyard leirvik innfelt silje smådal foto havyard 11
NY JOBB: I august kjem Norled-ferja for å byggast om til el-ferje til Havyard Group sitt verft i Leirvik. Salssjef Silje Smådal (innfelt) fortel at verftet også gjerne gir pris på nybygg. Foto: Håvard Breidvik
Nytt

Havyard Leirvik vil framleis bygge nytt

- Vi ser at norske reiarar framleis vil bygge i Norge. Vi vil gjerne gi ein pris, seier salssjef Silje Smådal.

07.03.2022

Sjølv om Havyard Group varsla at verftet i Sogn - etter store tap på fleire nybygg - skulle konsentrere seg om reparasjon, vedlikehald og ombygging, har verftet framleis eit ønskje om å også ta på seg nybyggingsoppdrag, ifølgje Smådal.

- Vi ser at der framleis er forespørslar på nybygg, seier ho til NETT NO, men kan - og vil ikkje svare på om verftet per i dag er i forhandlingar eller samtalar om nybyggingskontraktar.

Ombyggingsoppdrag
Måndag sende Havyard Group ut ei pressemelding om at verftet i Sogn skal bygge om ei ferje til el-ferje.

Det er Norled-ferja Ibestad som skal få elmotorar og batteri. Ferja trafikkerer strekninga Lyngseidet-Olderdalen over Lyngenfjorden, og vil etter ombygginga ha batteri som energiforsyningskjelde og dieselmotorar i reserve.

Ombygginga vil starte i august og skal vere ferdig i desember i år. Kva verftet får betalt er ikkje opplyst i pressemeldinga.

Omorganisering og refinansiering
Store tap på nybygg førte til ei refinansiering av skipsbyggingsverksemda til Havyard Group, som også omorganiserte heile Havyard Group-konsernet.

Undervegs varsla Havyard Group at verftet framover skulle satse på ombygging- og reparasjonsmarknaden. I fjor vart også anna verksemd enn skipsbygging skilt ut i eit nytt børsnoterte selskap, Hav Group, der Havyard Group er største eigar.

Publisert: 07.03.2022 13:57

Sist oppdatert: 08.03.2022 08:11

Mer om