Hav Group ventar auka lønsemd
Hav Group ventar at lønsemda i år blir betre enn selskapet tidlegare har anslått.
Havyard Group held fast ved tidlegare anslag om at 2021 vil ende med ei driftsinntekt på mellom 850 og 950 millionar kroner. Samstundes skriv selskapet i kvartalsrapporten for 3. kvartal at lønsemda vil bli omlag på nivå med driftsmargin selskapet hadde i tredje kvartal.
Driftsmarginen er driftresultatet i prosent av driftsinntekene. Anslaga betyr at Hav Group vil få eit driftsresultat på mellom 114 og 127 milliona kroner i 2021.
Les børsmelding frå Havyard Group her
Les børsmelding frå Hav Group her
Skilde ut
I november 2020 skilde Havyard Group ut datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, og samla dei i Hav Group. Hav Group blei notert på Oslo Børs i mars i år.
Etter omorganiseringa er Havyard Group eit selskap som i hovudsak eig skipsverftet i Leirvik i Sogn og aksjar i Hav Group. Aksjeposten er på 66,46 prosent.
14. desember skal ei ekstraordinær generalforsamling i Havyard Group avgjere om selskapet skal dele ut inntil halvparten av Hav Group-aksjane sine som eit ekstraordinært utbytte til Havyard Group-eigarane.
Ombygging og vedlikehald
Skipsverftet i Leirvik har levert eitt skip i tredje kvartal og eitt i fjerde kvartal.
Omorganiseringa og refinansiering av skipsbyggingsverksemda til Havyard Group er ferdig, og framover er det ombygging, reparasjon og vedlikehald verftet først og fremst skal satse på.
Hav Group ASA | ||
3.kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 80,6 | 126,6 |
Driftsresultat | 10,8 | -3,9 |
Resultat før skatt | 10,6 | 30,8 |
Hav Group ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 692,3 | 500,3 |
Driftsresultat | 66,8 | 43,0 |
Resultat før skatt | 66,7 | 13,3 |
Havyard Group ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | |
Driftsinntekt | 234,6 | |
Driftsresultat | 28,5 | |
Resultat før skatt | 16,9 | |
Havyard Group ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 1437,6 | 1808,3 |
Driftsresultat | 117,5 | 62,8 |
Resultat før skatt | 157,0 | 17,7 |
Havyard Leirvik | ||
Pr. 3. kvartal | 2021 | |
Driftsinntekt | 790,7 | |
Driftsresultat | 29,8 | |
Resultat før skatt | 21,4 |
Publisert: 26.11.2021 08:44
Sist oppdatert: 26.11.2021 08:48