Dette går fram av torsdag ettermiddag.
Salet vert gjort gjennom det Røkke-kontrollerte selskapet Aker Capital, som er heileigd av Aker ASA.
Aker Capital sat på 63,2 prosent av aksjane i det Ålesund-baserte fiskeriselskapet.
Lerøy Seafood Group har kjøpt heile Røkke sin aksjepost på 53,5501,793 aksjar til ein kurs på 36,50 kroner aksjen.
I tillegg har Lerøy Seafood Group og Aker Capital II vorte samde om at Lerøy Seafood kjøper 62.293.254 aksjer i Norway Seafoods Group til ein krone aksjen.
Partane opplyser at kjøpssummen for aksjane i dei ulike transaksjonane skal betalast kontant etter at nødvendige regulatoriske godkjenningar er oppnådde.
Havfisk-aksjen slutta i dag på 34,80 kroner aksjen før storhandelen vart kjent, slik at premien er på rundt fem prosent frå dagens sluttkurs.
Reite eig gjennom sitt selskap Fausken Invest AS 1,026,632 aksjar i Havfisk. På grunn av avtalen mellom Aker Capital og Lerøy Seafood Group er Reite forplikta til å selje alle sine Havfisk-aksjar.
Reite sel dermed aksjar for ein total verdi på vel 37 millionar kroner.
Lerøy opplyser at selskapet også vil gi eit frivillig tilbud for dei resterande uteståande aksjane i Norway Seafoods på 1,00 per aksje.
Total sum for kjøpa kan dermed kome opp i 3,2 milliardar kroner.
Selskapet har sitt utgangspunkt frå Røkke-selskapet Norway Seafoods, som vart starta i 1994, og som i 2005 endra namn til Aker Seafoods.
I 2013 vart namnet på nytt endra til dagens Havfisk.
Etter 22 år er Kjell Inge Røkke ute av selskapet, med ein solid økonomisk gevinst.
Det Bergen-baserte selskapet har dotterselskap i Sverige, Finland, Frankrike, Spania, Portugal og Tyrkia, og salskontor i Kina, Japan og USA.
Selskapet har meir enn 2300 tilsette og vart notert på Oslo Børs i juni 2002.
I 2014 eksporterte selskapet meir enn 220 000 tonn sjømat.
Salet vert gjort gjennom det Røkke-kontrollerte selskapet Aker Capital, som er heileigd av Aker ASA.
Aker Capital sat på 63,2 prosent av aksjane i det Ålesund-baserte fiskeriselskapet.
Lerøy Seafood Group har kjøpt heile Røkke sin aksjepost på 53,5501,793 aksjar til ein kurs på 36,50 kroner aksjen.
Overtek alt
Samla kjøpssum er dermed på 1,9 milliardar kroner.I tillegg har Lerøy Seafood Group og Aker Capital II vorte samde om at Lerøy Seafood kjøper 62.293.254 aksjer i Norway Seafoods Group til ein krone aksjen.
Partane opplyser at kjøpssummen for aksjane i dei ulike transaksjonane skal betalast kontant etter at nødvendige regulatoriske godkjenningar er oppnådde.
Havfisk-aksjen slutta i dag på 34,80 kroner aksjen før storhandelen vart kjent, slik at premien er på rundt fem prosent frå dagens sluttkurs.
Reite cashar inn
Styreleiar i Havfisk er Frank Ove Reite, som er finansdirektør i Aker ASA.Reite eig gjennom sitt selskap Fausken Invest AS 1,026,632 aksjar i Havfisk. På grunn av avtalen mellom Aker Capital og Lerøy Seafood Group er Reite forplikta til å selje alle sine Havfisk-aksjar.
Reite sel dermed aksjar for ein total verdi på vel 37 millionar kroner.
Samla sum på 3,2 milliardar
Gjennomføringa av kjøpa utløyser eit pliktig tilbod for dei resterande uteståande aksjane i Havfisk på 36,50 per aksje.Lerøy opplyser at selskapet også vil gi eit frivillig tilbud for dei resterande uteståande aksjane i Norway Seafoods på 1,00 per aksje.
Total sum for kjøpa kan dermed kome opp i 3,2 milliardar kroner.
Ti skip
Havfisk er norges største trålarreiarlag med ein flåte på ti skip og 381 tilsette.Selskapet har sitt utgangspunkt frå Røkke-selskapet Norway Seafoods, som vart starta i 1994, og som i 2005 endra namn til Aker Seafoods.
I 2013 vart namnet på nytt endra til dagens Havfisk.
Etter 22 år er Kjell Inge Røkke ute av selskapet, med ein solid økonomisk gevinst.
Leiande aktør
Lerøy Seafood Group er ein av dei leiande eksportørane av sjømat frå Norge og verdas nest største produsent av atlantisk laks.Det Bergen-baserte selskapet har dotterselskap i Sverige, Finland, Frankrike, Spania, Portugal og Tyrkia, og salskontor i Kina, Japan og USA.
Selskapet har meir enn 2300 tilsette og vart notert på Oslo Børs i juni 2002.
I 2014 eksporterte selskapet meir enn 220 000 tonn sjømat.
Publisert: 10.10.2016 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57