Bent martini dåp i herøy foto Ogne
INNANFOR AVTALEN: Havila Kystruten-sjef Bent Martini har Samferdselsdepartementet på si side etter skuldingar om at styresmaktene har gitt reiarlaget ulovleg statsstøtte. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Avviser å ha gitt statsstøtte

Anonym klagar meiner Havila Kystruten skulle betalt opptil éin milliard i erstatning.

12.12.2022

Skuldingane om ulovleg statsstøtte til Havila Kystruten er grunnlause, meiner Samferdselsdepartementet.

Tidlegare i haust vart det kjent at ein ikkje offentleggjort aktør hadde klaga norske styresmakter inn for ESA for å ha gitt ulovleg statsstøtte til Havila Kystsruten.

ESA er Efta sitt tilsynsorgan for å passe på at mellom andre Noreg held seg til regelverket i EØS- avtalen med EU.

Då Havila Kystruten saman med Hurtigruten ASA vann oppdraget med å trafikkere gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes, var avtalen at Havila Kystruten skulle ha fire skip klare til kontraktsstart i 2021. Avtalen gir dei to reiarlaga statsstøtte for å trafikkere strekninga.

Framleis er to av Havila Kystrruten sine skip ikkje levert, og det siste skal først i trafikk i mars neste år. Staten har imidlertid ikkje kravd kompensasjon for at skipa ikkje var klare i tide.

Det er dette manglande kravet om kompensasjon klagaren meiner er ulovleg statsstøtte til Havila Kystruten.

Ein milliard
Ifølgje klagen til Efta sitt overvakingsorgan er det snakk om mellom 400 millionar og ein milliard kroner som Havila Kystruten skulle betalt for å ikkje ha hatt skip klare i tide.

Samferdselsdepartementet har eit heilt anna syn på saka. Det kjem fram i departementet sitt tilsvar til klagen, som no er sendt til ESA.

Staten har ikkje handla annleis ein enn privat aktør ville ha gjort, skriv departementet. Det er vanleg å reforhandle avtalar i staden for å krevje kompensasjon etter den opphavlege avtalen, og det er det som har skjedd i dette tilfellet, ifølgje departementet. Det er ikkje statsstøtte, meiner departementet.

Hurtigruten slapp å betale
Havila Kystruten var klar med erstatningsskip då dei to første skipa vart forseinka, og avtalene vart reforhandla under koronapandemien - då også Hurtigruten slapp å segle med alle sine skip - utan kutt i statsstøtta.

Dersom staten berre hadde betalt for skipa Hurtigruten segla med i første halvdel av 2021, ville statsstøtta vore 260 millionar kroner lågare i følgje brevet til ESA.

Havila Kystruten skulle opphavleg byggje to skip i Spania og to i Tyrkia. Kontrakten med det spanske verftet vart avbroten og det tyrkiske verftet tok over bygginga også av dei to skipa som skulle byggast i Spania.

Publisert: 12.12.2022 19:33

Sist oppdatert: 12.12.2022 22:10

Mer om