Havila overtek heile PSV-en
Sævik-familien kjøper ut Havyard-selskap.
Havila Holding har inngått avtale med Eqva-selskapet Havyard Ship Invest om å kjøpe ein eigardel på 50 prosent i skipet Havila Charisma.
Det kjem fram i ei børsmelding frå Eqva tysdag.
Selskapet til Sævik-familien i Herøy betalar 62 millionar kroner for eigardelen i skipet som seglar i flåten til Havila Shipping. Fire millionar kroner er tilbakebetaling av gjeld.
På langtidskontrakt med Equinor
Den 2012-bygde PSV-en i flåten gjekk inn på langtidskontrakt med Equinor i 2021, med opsjon for vidare oppdrag. Skipet var eitt av fleire som i 2018 fekk installert batteri og landstrømsanlegg om bord.
Styreleiar Even Matre Ellingsen i Eqva uttaler i meldinga at salet frigjer viktige ressursar som gjer det mogleg å vidareutvikle selskapet sin industriportefølje.
Eqva, tidlegare Havyard Group, har nyleg flytta hovudkontoret frå Herøy til Kvinnherad.
Havila har fått inn betydelege summar
Sævik-familiens Havila Holding har som kjent fått inn betydelege summar dei siste månadene frå Fjord1-sal og sal av aksjane i Widerøe.
Styreleiar Vegard Sævik har tidlegare sagt til NETT NO at dei hadde tenkt til å betale ned gjeld i morselskapet, og at dei elles ikkje hadde planar om nye investeringar.
Nyleg blei det kjent at Sævik-selskapet også har refinansiert eit lån på kring 570 millionar og nye trekkfasilitetar på 200 millionar til Havila Kystruten.
Publisert: 12.03.2024 14:37
Sist oppdatert: 12.03.2024 14:56