Havila Subsea 1
MEIR JOBB: Havila Subsea har vore i arbeid for same kunde sidan 2017, og skal halde fram i tre år til. Foto: Havila Shipping
Nytt

Havila Shipping kapra tre-årskontrakt

Skipet går inn nytt oppdrag frå årsskiftet. Det likar investorane på børsen.

Marius Rosbach
03.06.2024

Havila Shipping melder tidleg måndag at dei har sikra seg ei tre-årskontrakt for skipet Havila Subsea.

Det er Haugesund-baserte Reach Subsea som er oppdragsgivar, og dei har opsjon på ytterlegare to år, ifølgje børsmeldinga.

Selskapet er det same som har hyra inn skipet dei siste åra. Reach Subsea starta å leige skipet allereie i 2017, og skipet blei då teke ut av opplag.

Havila Subsea er eit inspeksjon-, vedlikehald-, og reparasjonsfartøy bygd i 2011. Kontrakten er gjort på marknadsmessige vilkår og betyr betra vilkår, samanlikna med dagens avtale.

Sende aksjekursen opp
Investorane på børsen reagerte med å sende Havila Shipping-aksjen oppover frå start måndag.

Ved 10-tida var kursen opp meir enn 8,6 prosent til 5,8 kroner. Kursen har svinga mykje utover våren. I mars var den nede i 3,6 kroner medan den steig til nær 8 kroner månaden etterpå.

Havila Shipping har ikkje hatt same kursauken som fleire andre offshorereiarlag. Det skuldast truleg at Havila Shipping-aksjonærane har ei kraftig utvatning i vente.

Ein refinansieringsavtale frå 2020 gjer at långivarar kan gjere om gjeld til aksjar, og majoritetseigar Havila Holding kan gå inn med meir pengar for å oppretthalde sin eigardel.

Har 14 skip i arbeid
Herøy-reiarlaget har 14 skip i arbeid og la nyleg fram tal for 1. kvartal .

Dei viste at skipa var i arbeid 93 prosent av tida og at ratane var høgare enn i fjor. Det var likevel ikkje nok til å kompensere for tapet av inntektene frå dei tre skipa som blei selt i fjor.

Publisert: 03.06.2024 09:20

Sist oppdatert: 03.06.2024 09:53

Mer om