Tre år lang negativ trend har snudd
Så langt i år har dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet blitt meir verdt.
ANALYSE:
2023 vart det tredje året på rad der verdien av dei børsnoterte selskapa i regionen krympa i verdi.
På den siste handledagen på Oslo Børs i desember i fjor, vart selskapa verdsette til 26 milliardar kroner. Det var tre milliardar kroner mindre enn ved inngangen til 2023.
Då børsen stengte fredag denne veka var verdien auka til 28 milliardar. Ingen veldig opptur - i og med at hovudindeksen på børsen har stige med 10,6 prosent i same periode - men uansett ein opptur.
Det er eigarane i industri- og ingeniørselskapet Endúr som har hatt størst verdistiging på aksjane sine sidan årsskiftet, 35,3 prosent.
Selskapet omfattar mellom anna Artec Aqua i Ålesund, og dei tidlegare Artec Aqua-eigarane er største aksjonærar i Endúr. I år er det andre deler av konsernet som har hatt den største ordereinngangen, men det kan snart balansere seg ut dersom Salmon Evolution bestemmer seg for å starte utbygga av andre byggesteg på sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Artec Aqua teiknar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg og hadde jobben med første byggesteg for Salmon Evolution - og er venta å få jobben med andre byggesteg.
Norva 24, med hovudkontoradresse i Stryn, har ikkje stige like mykje i verdi som Endur i prosent, men nesten like mykje i kroner. Selskapet medverkar mykje til å løfte verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Selskapet har spesialisert seg på vedlikehald og reparasjonar av infrastruktur under bakken. Norva 24 har kjøpte ei rekkje selskap i fleire land for å blir større, og er framleis på jakt etter oppkjøpskandidater.
Konsekvensen er mellom anna at selskapet vart det nest største børsnoterte selskapet på Nordvestlandet rangert både etter driftsinntekt i første kvartal, og etter børsverdi så langt i år.
Den eine krisa følgde etter den andre for Havila Kystruten over fleire år. Like etter børsnoteringa i 2021 var aksjekursen over 25 kroner, medan kursen var under 70 øre aksjen i mars i år.
Selskapet har no sigla med alle sine fire skip i to heile kvartal på rad. Resutatet i første kvartal i år var eit tresifra millionunderskot. Men selskapet rapporterer om stigande inntekter per reisande og auke i belegget. Hittil i år er aksjekursen opp 38 prosent.
Opptur er det og for offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services og Hav Group (sjå tabell under).
Det første nyt truleg godt av stigande rater og optimisme i oljebransjen, medan Hav Group har fått eit løft av god ordreinngang i år.
At offshorereiarlaget Havila Shipping ikkje har same kursauke som Golden Energy Offshore Services, skuldast truleg at Havila Shipping-aksjonærane har ei kraftig utvatning i vente. Det skuldast ein refinansieringsavlale frå 2020 som gjer at långivarar kan gjere om gjeld til aksjar, og majoritetseigar Havila Holding kan gå inn med meir pengar for å oppretthalde sin eigarandel.
Tosifra prosentvis nedgang i aksjekursane så langt i år er det berre i Atlantic Sapphire (,imus 29,8 prosent) Hexagon Purus, (minus 21,6 prosent), og Hofseth Biocare (minus 19,8 prosent), men verdistiginga i andre aksjar meir enn overgår den negative kursutviklinga for desse tre selskapa.
Færre selskap
Vi skal ikkje så mange år attende før både skipsbyggingskonsernet Vard, møbelprodusenten Ekornes og Fjord1 var børsnoterte selskap - Vard i Singapore, Ekornes og Fjord1 i Oslo.
Dei forsvann frå børsen etter oppkjøp, men i åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva 24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).
I år og i fjor har talet på børsnoterte selskap på Nordvestlandet krympa igjen.
Mobiltelefoniselskapet Nortel er kjøpt og tatt av børs. Statt Torsk er slått saman med Vesterålen Havbruk, og stroke frå notering på børsen.
Eqva, tidlegare Havyard, har flyttta hovudkontoret frå Fosnavåg til Kvinnherad. Selskapet selde tidlegare i år skipsverftet Havyard Leirvik og all verksemda til selskapet er no i Sunnhordland og Bergen-området. Utan hovudkontoret i regionen har ikkje Eqva lengre noko tilknytning til Nordvestlandet - og Nett No har tatt selskapet ut av vår lista daglege oppdatering av kursutviklinga i børsnoterte selskap.
Børsnoterte selskap på Nordvestlandet | ||||||
1. Kvartal. I mill. kroner | ||||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | Aksjekursutvikling hittil i år |
Børsverdi | |||
2024 | 2023 | 2024 | 2023 | I prosent | I mill. Kroner | |
Hexagon Composites | 1083,4 | 1129,9 | -177,8 | -22,0 | -1,0 | 5766 |
Norva 24 Group | 769,9 | 704,6 | 37,0 | 44,8 | 13,2 | 5471 |
Sparebanken Møre | 578,0 | 500,0 | 333,0 | 269,0 | 0,4 | 4167 |
Endúr | 575,8 | 484,7 | -9,2 | -63,3 | 35,3 | 1896 |
Hexagon Purus | 407,1 | 244,0 | -165,0 | -154,2 | -21,6 | 2416 |
Havila Kystruten | 292,9 | 116,5 | -358,3 | -202,7 | 38,2 | 873 |
Hav Group | 127,1 | 110,3 | -21,3 | -13,2 | 22,6 | 399 |
Havila Shipping | 126,1 | 375,1 | 0,1 | 118,3 | -0,9 | 127 |
Salmon Evolution | 100,3 | 2,9 | -1,2 | -32,3 | 19,6 | 3357 |
Romsdals Sparebank | 52,9 | 48,6 | 22,9 | 20,8 | -9,2 | 301 |
Hofseth Biocare | 52,4 | 44,8 | -29,0 | -37,8 | -19,8 | 838 |
Golden Energy Offshore Services | 24,8 | 883 | ||||
Arctic Bioscience | -1,9 | 261 | ||||
Atlantic Sapphire | -29,8 | 1268 | ||||
SUM | 4165,9 | 3761,4 | -368,8 | -72,6 | 28023 | |
Golden Energy Offshore Services har ikkje levert 1. kvartaltal enno. | ||||||
Arctic Bioscience og Atlantic Sapphire offentleggjer ikkje komplette rekneskap per 1. kvartal. |
Les også
Industriselskapet frå Stryn har kjøpt tre nye selskap i vår, og vil ha fleire.
Sparebanken Møre har auka utlånstakten til næringslivet. Fall på børsen.
Fortalde at selskapet ventar å passere viktig milepæl i år. Etterpå skaut aksjen i veret.
Inntektene dekkjer ikkje driftskostnadane til Havila Kystruten i første kvartal.
Børsopptur etter at Salmon Evolution har starta å tene pengar frå laks på land.
Vekst, men framleis tosifra million-minus. Det likte investorane dårleg.
Publisert: 02.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 02.06.2024 20:37