B398 Rem Energy foto Green Yard Kleven Martin Ringstad 3
BYGD OM: Rem Energy vart opphavleg bygd som eit forsyningskip til oljeinstallasjonar til havs, men vart til slutt bygd om til servicskip for havvind-bransjen. Slike ombyggingar løner seg samanlikna med nybygg, konkluderer rapport. Foto: Martin Ringstad
Nytt

Studie: Betre med ombygging enn nybygg

Ombygging av gamle offshoreskip gir både miljø- og økonomiske gevinst samanlikna med nybygg konkluderer studie som Vard har stått i spissen for.

13.01.2022

Ein vesentlig del av dei 1000 offshoreskipa som ligg i opplag rundt om i verda er relativt nye og avanserte skip, som det vil løne seg å bygge om framfor å bygge nytt.

Det er hovudkonklusjonen til ein rapport som Grønt Skipsfartsprogram har offentleggjort i dag.

Les rapporten her

Det er Vard som har stått i spissen for rapporten. Arbeidet med analysen bak rapporten har vore leia av Andreas Buskop i Vard. Vard er ein av partnarane i Grønt Skipsfartsprogram, som blir leia av DNV.

Les pressemeldinga frå Grønt Skipsfartsprogram her

Det var Finansavisen som skreiv om rapporten først.

Mindre CO2-utslepp
Studiene har vurdert både økonomi og CO2-utslepp for høvesvis nybygg og ombyggingar:

«Dersom en nå – ved inngangen av 2022 – sammenligner ombygging og energieffektivisering av en PSV (Platform Supply Vessel) med bygging av et nytt skip eksempelvis for offshore vind formål, vil skipet som ombygges og hvor sirkulærøkonomi anvendes «seire over» det nye skipet i om lag ti år. Med seire over, mener vi ha lavere karbon fotavtrykk og lavere kostnader sammenliknet med et nytt, null-utslipps skip», seier Andreas Buskop i Vard i pressemeldinga frå Grønt Skipsfartsprogram.

Også på lengre sikt kan ei ombygging vere lønsam:

"Dersom skipet etter om lag ti nye år så tar i bruk teknologien som vi da forventer vil være tilgjengelig for null-utslipp, vil et ombygd skip basert på sirkulærøkonomi være like godt eller bedre sammenliknet med et nybygg ut levetiden.", seier Buskop.

Fleire typar bruk
Buskop og kollegaene bak rapporten har sett på økonomi- og utslepp ved ombygging av offshorefartøy til fleire bruksområde, mellom anna også til havbruk og fiskeri.

I berekningane sine har dei også tatt med i reknestykket at eit nybygg typisk har mindre CO2-utslepp i bruk, men og rekna med CO2-utsleppa ved nybygging. Dei har og tatt med i vurderinga at eit spesialbygd nybygg er betre tilpassa bruken det er bygd for eit ombygd fartøy.

Konklusjonen er altså at ombygging kan løne seg, mellom anna fordi det går raskare å få eit ombygd skip ut i marknaden enn å bygge nytt.

Etterlyser intensivordning
«Resultatene fra dette prosjektet bør vekke interesse – ikke bare blant verft, utstyrsleverandører og rederier. Et slikt konkret eksempel på hvordan sirkulærøkonomi kan akselerere det grønne, maritime skiftet bør vekke manges interesse, inkludert politikere, myndigheter, fremoverlente chartere og ikke minst finansnæringen.", seier leiar for Grønt Skipsfartsprogram, Narve Mjøs i pressemeldinga.

Mjøs etterlyser betre insentivordninger og finansieringstilbod for ombygning i staden for nybygg.

Her er partane bak rapporten:

  • Vard
  • DOF
  • Brevik Engineering
  • WestCon
  • Clarkson Platou
  • Eksfin
  • Sjøfartsdirektoratet
  • Norges Rederiforbund
  • DNV

Publisert: 13.01.2022 11:37

Sist oppdatert: 13.01.2022 11:38