- Ja, vi veit alle kor store utfordringar det er for offshoreselskapa no. Difor meiner vi det er rett og rimeleg at vi også bidreg kollektivt.
Dette seier Ingolf Sverre Eikrem og Margrethe Hareide Garnes ved Ulstein-baserte Island Offshore.
Det vekte ein god del oppsikt då selskapet sist fredag kunngjorde at dei 60 landtilsette hadde sagt ja til å redusere løn og arbeidstid.
Eikrem og Garnes seier at samtlege 60 landtilsette stod bak avgjersla.
- Det var faktisk applaus etter at allmøtet var avslutta.
Ingolf Sverre Eikrem frå Ulsteinvik har arbeidd fire år i selskapet, og arbeider med HMSK (helse, miljø, sikkerheit og kvalitet).
Margrethe Hareide Garnes frå Hareid har arbeidd i selskapet i tre og eit halvt år, og er senior innkjøpar.
- Om ein av dei 60 hadde sagt nei, så hadde vi ikkje gjort det slik.
Alternativet var permitteringar. På førehand hadde leiinga signalisert at det kunne verte på tale å permittere frå seks tilsette og oppover.
- Mange var nok urolege for å verte permitterte. Då det var klart at vi slapp permitteringar, var mange tydeleg letta.
- Det er lavare aktivitet. Det må også få konsekvensar for oss som arbeider på land, seier Eikrem.
Inntil vidare har dei tilsette sagt ja til løns- og arbeidstidsreduksjonen ut januar 2016.
- Dette er ei mellombels løysing, og vi håper at det vert så kortvarig som muleg, seier Garnes.
- For enkelte vert det nok vanskeleg å kutte arbeidstida, for arbeidet må uansett utførast.
- For andre er det enklare.
Kuttet i arbeidstida vert for den enkelte avtala på avdelingsnivå.
- Her er det mange ulike modellar.
- Vi har vorte godt oppdaterte om situasjonen, og vi fekk to veker på oss til å kome med innspel og tenkje ut ulike løysingar.
- Vi er eit tett samansveisa lag, og vi ville unngå at nokon måtte ut i permittering i ein arbeidsmarknad som er svært tøff.
Dette seier Ingolf Sverre Eikrem og Margrethe Hareide Garnes ved Ulstein-baserte Island Offshore.
Det vekte ein god del oppsikt då selskapet sist fredag kunngjorde at dei 60 landtilsette hadde sagt ja til å redusere løn og arbeidstid.
Eikrem og Garnes seier at samtlege 60 landtilsette stod bak avgjersla.
- Det var faktisk applaus etter at allmøtet var avslutta.
Ingolf Sverre Eikrem frå Ulsteinvik har arbeidd fire år i selskapet, og arbeider med HMSK (helse, miljø, sikkerheit og kvalitet).
Margrethe Hareide Garnes frå Hareid har arbeidd i selskapet i tre og eit halvt år, og er senior innkjøpar.
Hindra permitteringar
Dei meiner at det er eit spesielt godt miljø i selskapet, noko som var avgjerande for at samtlege tilsette sa ja til lønskuttet.- Om ein av dei 60 hadde sagt nei, så hadde vi ikkje gjort det slik.
Alternativet var permitteringar. På førehand hadde leiinga signalisert at det kunne verte på tale å permittere frå seks tilsette og oppover.
- Mange var nok urolege for å verte permitterte. Då det var klart at vi slapp permitteringar, var mange tydeleg letta.
Opplag og utsetjingar
Leiinga har grunngjeve kuttbehovet med den vanskeleg marknadssituasjonen. For Island Offshore sin del er fleire skip i opplag og nybyggingsoppdrag utsette.- Det er lavare aktivitet. Det må også få konsekvensar for oss som arbeider på land, seier Eikrem.
Inntil vidare har dei tilsette sagt ja til løns- og arbeidstidsreduksjonen ut januar 2016.
- Dette er ei mellombels løysing, og vi håper at det vert så kortvarig som muleg, seier Garnes.
Vanskeleg arbeidstidskutt
Løns- og arbeidstidskuttet gjeld også for adm . dir. Håvard Ulstein og dei andre i leiinga.- For enkelte vert det nok vanskeleg å kutte arbeidstida, for arbeidet må uansett utførast.
- For andre er det enklare.
Kuttet i arbeidstida vert for den enkelte avtala på avdelingsnivå.
- Her er det mange ulike modellar.
Tett samansveisa
Eikrem og Garnes rosar leiinga.- Vi har vorte godt oppdaterte om situasjonen, og vi fekk to veker på oss til å kome med innspel og tenkje ut ulike løysingar.
- Vi er eit tett samansveisa lag, og vi ville unngå at nokon måtte ut i permittering i ein arbeidsmarknad som er svært tøff.
Det var faktisk applaus etter at allmøtet var avslutta
Publisert: 26.06.2015 12:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45