Harald Inge Johnsen Kystverket foto Anne Marthe Vestre Berge
JOBBAR VIDARE: Sjølv om regjeringa vil skrinlegge Stad skipstunnel fortel prosjektleiar Harald Johnsen i Kystverket at dei ikkje legg ned arbeidet utan vidare.
Nytt

Held fram arbeidet med Stad skipstunnel

Kystverket stoppar ikkje arbeidet utan vidare. Er straks klare til å peike ut ein vinnar av entreprenørkonkurransen.

13.05.2026

(NPK): Kystverket held fram arbeidet med å fullføre entreprenørkonkurransen for Stad skipstunnel, sjølv om regjeringa har foreslått å skrinleggje prosjektet i revidert nasjonalbudsjett. 

Samferdselsprosjektet vart teken ut av budsjettforslaget berre to veker før planlagt kunngjering av entreprenør.

– Det er viktig å understreke at dette er eit forslag til revidert nasjonalbudsjett levert av ei mindretalsregjering, seier Harald Johnsen, prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket til Teknisk Ukeblad (TU).

Tre aktørar står igjen
Tre aktørar er att i konkurransen: AF Gruppen, franske Eiffage Genie Civil og Skanska i samarbeid med Vassbakk og Stol. Fristen er 31. august. Etter denne datoen fell tilboda bort dersom fristen ikkje blir forlengd.

Kystverket seier dei er klare til å peike ut ein vinnar rundt månadsskiftet mai/juni, men signala er at det ikkje nødvendigvis blir ei offentleg kunngjering dersom prosjektet ikkje får nye økonomiske rammer.

– Eg vil seie at det er god skikk og bruk å gi ei tilbakemelding til dei om korleis dette har gått. Men det er ikkje sikkert at vi kjem til å kunngjere vinnaren overfor omverda dersom prosjektet ikkje får vedteke auka rammer og kontrakt kan inngåast, seier Johnsen til TU.

Kan ikkje inngå kontrakt utan auka rammer
Prosjektleiaren understrekar at departementet kan instruere Kystverket om å stanse prosessen. Likevel jobbar etaten vidare med sluttevaluering av tilboda.

Samtidig er det venta at budsjettforhandlingane først kan vere avklarte i juni. Kystverket peikar på at kontrakt uansett ikkje kan signerast utan at Stortinget eventuelt gir prosjektet auka økonomiske rammer.

Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel i 2021, med ei forventning om at kostnaden ikkje burde passere 5 milliardar kroner. Det nyaste anslaget frå Kystverket er no 8,6 milliardar.

(©NPK)

Publisert: 13.05.2026 12:25

Sist oppdatert: 13.05.2026 12:25

Mer om