Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 11
UT AV DOKKA: Ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution som skal leverast til Lindblad Expeditions i løpet va året, blei dokka ut tysdag kveld. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio
Nytt

Sjå det nye cruiseskipet bli sjøsett på Ulstein

Stor dag på verftet med dåp av kabelskip og nytt cruiseskip på vatnet.

Marius Rosbach
08.06.2021

Saka er oppdatert med nye bilde onsdag ettermiddag - sjå dei under

Tysdag blei ein merkedag ved Ulstein Verft med både skipsdåp og sjøsetting same dag.

Først på dagen blei kabelskipet Nexans Aurora døypt med Anne-Lise Aukner, tidlegare Nexans-direktør, som gudmor.

Det 149,9 meter lange skipet har plass til 10.000 tonn med kablar om bord, og skal ut i arbeid med å eksportkablar for havvindparkar og mellomlandsforbindingar over heile verda, opplyser Ulstein Group i ei melding.

(saka held fram under)

Nexans aurora dåp foto Ulstein Group 222
SKIPSDÅP: (frå venstre) Jan Arild Børtveit (maskinsjef), Max Kopczynski (kaptein), Frode Beyer (prosjektleiar), Ragnhild Katteland (Nexans-direktør), Anne-Lise Aukner (gudmor), Lars Lühr Olsen (Verfts-direktør Ulstein), Hans Karsten Voldsund (prosjektleiar Ulstein)

Sjøsette milliardskip
Seinare tysdag blei det neste cruiseskipet til Lindblad Expeditions teke ut av dokkhallen og sett på vatnet. X-Bow-skipet vil få namnet National Geographic Resolution.

Systerskipet, National Geographic Endurance, skal ha kosta kring 1,2 milliardar kroner. Truleg er den noko høgare for skip nummer to, som skal vere klart til levering frå verftet i løpet av året.

Nathional Geographic Resolution sjøsetting Nexans Aurora dåp foto Vilde Garshol Ulstein Group 22
MERKEDAG: Først blei kabelskipet døypt til kai ved Ulstein Verft (innfelt) og etterpå blei eit nytt cruiseskip teke ut på sjøen. Foto: Vilde Garshol/Ulstein Group

Oppdrag for Island Offshore
I sommar har Ulstein Verft også sikra seg arbeid med oppgradering og vedlikehald av brønnstimuleringsskipet Island Centurion til det lokale reiarlaget Island Offshore.

Oppdraget er berekna til om lag tre veker, med oppstart om kort tid. Tidlegare er det opplyst at Island Offshore-skipet vil bli teke inn i dokkhallen i løpet av eit par dagar.

Sjå bilda frå sjøsettinga:

Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 22
KLAR FOR INNREIING: Etter sjøsettinga vil fartøyet gjennomgå avsluttande arbeid på verftet, der spesielt innreiingsarbeidet vil vere det mest omfattande før prøvetursperioden tek til. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio
Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 33
LUKSUSCRUISE: Fartøyet har 69 utvendige lugarar, der dei fleste har balkongar med skyvedører frå golv til tak som gir spektakulær utsikt og rikeleg naturlig lys. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio
Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 44
POLARE FARVATN: Begge ekspedisjonscruiseskipa er isklassa (Polar Class 5 , journ. anm.) som gjer at dei kan segle langt inn i polarområda. Difor kan Lindblad starte sine polarreiser opp til to veker før andre reiarlag. Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio
National Geographic Endurance mail 2021 Foto Marius 11
SYSTERSKIPET: Det første av cruiseskipa til Lindblad har vore utan arbeid etter at koronapandemien sette cruisemarknaden ut av spel. I mai segla Nathional Geographic Endurance frå verftet på veg til sitt første cruise. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 08.06.2021 23:09

Sist oppdatert: 09.06.2021 16:34

Mer om