Egil haugsdal Kongsberg Maritime foto Ogne
STRENGARE KRAV: Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal skjerpar miljøkrav både til eige selskap og til leverandørane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kongsberg varslar miljøkrav til leverandørane

Innan fem år må fleirtalet av Kongsberg-konsernet sine underleverandørar ha sett seg konkrete mål. Deretter blir krava skjerpa.

15.02.2022

Krava til underleverandørane er ein konsekvens av Kongsberg Gruppen sine eigne mål om å bidra til reduserte utslepp frå fossile enegikjelder, fortel Egil Haugsdal.

Haugsdal er leiar for Kongsberg Maritime, det største datterselskapet i konsernet. På Haramskonferansen tysdag presenterte han Kongsberg-konsernet sine vurderingar av konsekvensar og moglegheiter som utvikling av meir miljøvennlig teknologi gir.

Kongsberg-konsernet sitt mål er mellom anna halvering at utslepp av CO2 frå eiga verksemd og at all elektrisitet konsernet brukar skal vere produsert utan CO2-utslepp. Konsernet sine tilsette skal også reduserere utslepp frå eigne forretningsreiser med 30 prosent innan 2030.

Må ha leverandørar og kundar med
Utsleppa frå Kongsberg-konsernet si eiga verksemd er langt mindre enn utsleppa frå leverandørar som leverer til selskapet og frå kundar som brukar Kongsberg-produkt.

Difor vil konsernet og få ned utsleppa i heile verdikjeda det er ein del av.


Det inneber mellom anna å utvikle produkt som gir mindre utslepp, men også å stille krav til leverandørar. I første omgang må leverandørane sette seg mål, i neste omgang må desse måla nåast, seier Haugsdal til NETT NO.

Dei krava Kongsberg Gruppen no stiller til sine leverandørar vil kundane også stille til Kongsberg, ifølgje Haugsdal.

Stor på Nordvestlandet
1. april 2019 tok Kongsberg-konsernet over marinedivisjonen til Rolls-Royce, og blei dermed også ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet, med kontor og anlegg på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hareid og Ulstein.

Oppkjøpet gjorde også Kongsberg-konsernet til ein større og viktigare kunder for maritime bedrifter på Nordvestlandet.

Publisert: 15.02.2022 15:45

Sist oppdatert: 15.02.2022 17:04

Mer om