Investormatch inffelt håvar risnes foto marius anne marthe vestre berge 11
GRÜNDERANE FINN FRAM: Håvar Risnes (innfelt) i ÅKP meiner gründerar klarer å navigere seg i investorlandskapet. Men mangelen på meir risikovillig kapital i regionen, kan gjere at eigarskap til selskapa med størst ambisjonar, hamnar andre plassar. Foto: Marius Rosbach/Anne Marthe Vestre Berge
Nytt

– Resultatet kan bli at folk på utsida av Sunnmøre eig vinnarane

Investormiljøet har blomstra, men ÅKP-rådgjevar saknar dei som vil investere tøffare i vekst.

Marius Rosbach
23.04.2022

Dei siste åra har investormiljøet på Nordvestlandet blomstra. Ein rekke nye møtestader har vakse fram, ikkje minst i Ålesund, der både bedrifter og dei med kapital er synleg til stades.

Sal av bedrifter er også mellom utviklingstrekka som har frigjort kapital i regionen.

– No er det blitt veldig mange sunnmøringar som er aktive i å investere både i private selskap, prosjekt og finansielle instrument, fortel Håvar Risnes i ÅKP.

Saknar meir fondsinvesteringar
Risnes leiar fleire program som ÅKP køyrer for bedrifter, som vil ha hjelp til å vekse. I takt med at investormiljøet har blitt større, ser han at flere også vurderer investeringar i oppstarts- og vekstselskap.

Men det er framleis få i regionen som investerer i venturefond – ofte omtala som private equityfond. Konsekvensen er at lokale selskap som har ambisjonar som matchar desse fonda sine kriterier, i stor grad må hente finansiering utanfor regionen, påpeiker Risnes.

– Slike fond finst ikkje her på våre trakter. Når selskapa søker ut, blir det lokale eigarskapet svakare og resultatet kan bli at folk på utsida av Sunnmøre eig vinnarane, legg han til.

– Investerer mykje tøffare i vekst
Håvar Risnes påpeiker at slike fond gjerne er meir framoverlente når det gjeld å investere i vekst tidleg.

– Den type fond investerer mykje tøffare i vekst og skalering. Dei har meir rå ambisjonar når det gjeld å dyrke fram dei som kan bli olympiske meistrar, forklarar han.

Han meiner sunnmørsske investorar framleis er for mykje opptekne av selskap som har bygd stein på stein, hatt positiv botnlinje og ei omsetning på eit visst titals millionar.

Stryning har bygd opp venturefond

Under Investormatch i Ålesund førre månad var Arne Tonning, partnar i fondselskapet Alliance Venture Delta, mellom dei som hadde innlegg.

Stryningen har vore med og bygd opp fondet sidan 2008, og er ein representant for eit slikt type fondsmiljø, som Risnes gjerne ser veks fram på Nordvestlandet.

Alliance Venture Delta investerer i teknologiselskap som skal styrke kapitaltilgangen for internasjonal vekst.

Om du driv med det same som du gjorde for fem år sidan, så går det kanskje ikkje fort nok
Arne Tonning

Tempo ofte avgjerande

Under investørmøtet fortalde Tonning at mange norske selskap etter hans syn, både har god teknologi og produkt. Men mange er ikkje tilstrekkeleg rigga for vekst, meinte Tonning og påpeika at tempo ofte er avgjerande for å lukkast i nye marknader.

– Om du driv med det same som du gjorde for fem år sidan, så går det kanskje ikkje fort nok, la Tonning til.

Håvar Risnes i ÅKP meiner spesielt Oslo har vore flinke til å utvikle det han omtalar som eit «godt økosystem for selskap med ekstreme ambisjonar om å vinne internasjonalt».

Alliance Venture Delta har til dømes utvikla plattformar både i Norge og Sverige, som har nære koplingar til miljø i Silicon Valley i USA.

Gode tilbakemeldingar på Investormatch
Møteplasser som Investormatch, er eitt grep for å gjere avstanden mindre til andre plassar – og å utvikle miljøet i regionen. Årets arrangement var det tredje i rekka, og meir populært enn nokon gong.

Tilbakemeldingane etterpå var svært positive. Fleire enn 95 prosent av deltakarane som ga tilbakemelding, svarta «god» eller «svært god» om årets arrangement.

– Dei som deltok opplevd både at dei fekk utvida nettverket og at det var bra med ulike type aktørar som fortalde korleis ein blir attraktivt for investorar, fortel Risnes.

Publisert: 23.04.2022 04:59

Sist oppdatert: 15.05.2022 02:22

Mer om