Krillskip rimfrost sjøsetting foto 11
TERSAN: Måndag morgon vart skroget til Rimfost sitt nye krillskip sjøsett. Foto: Privat
Nytt

Her er milliardskipet sjøsett

Rimfrost sitt nye krillskip til over ein milliard kroner er sjøsett. Også Teige Rederi sitt nye fiskefartøy er på vatnet.

22.11.2021

Sjøsettinga skjedde ved Tersan-verftet i tyrkiske Yalova måndag morgon.

Her er skroget bygt til det 120 meter lange krillskipet som er designa av Kongsberg Maritime.

No skal skipet slepast til Westcon i Florø, der skipet skal ferdig utrustast.

Rimfrost krillskip sjøsetting foto 22
TIL FLORØ: Skipet har ein rekke leveransar frå norske selskap om bord. No skal skipet til Westcon i Florø for ferdigstilling. Foto: Privat

Store ringvirkningar
Skipet er ei storsatsing frå Rimfrost si side, men det gir også store ringvirkningar for andre selskap på Sunnmøre. Blant anna skal det leverast utstyr og gjerast oppdrag for rundt ein halv milliard kroner frå selskap på Sunnmøre og i resten av Norge.

Krillskipet skal etter planen kome i fiske til neste haust i Antarktis.

Rimfrost har opsjon på endå eit krillfartøy.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

60 personar
Nyeskipet vert innreidd for 60 personar.

Det er konstruert for krevjande operasjonar i Antarktis, og skal blant anna utstyrast med eit optimalisert dieselelektrisk anlegg, basert på lav-svovel diesel med eksosreinsing.

Det er også lagt opp til omfattande varmegjenvinning frå eksos, kjølevatn og prosessvarme frå fabrikk.

Endå ein Herøy-båt sjøsett
Sjøsettinga av Rimfrost sitt krillskip var den andre sjøsetjinga for eit Herøy-reiarlag frå verfta i Yalova på to dagar.

Laurdag vart nemleg fiskefartøyet Sunny Lady til Teige Rederi sjøsett frå Cemre-verftet, til tonane frå Tom Jones sin låt 'She's a lady'.

Sjå video frå sjøsetjinga her.

Publisert: 22.11.2021 09:18

Sist oppdatert: 22.11.2021 11:01

Mer om