Rimfrost krill
KRILL: Bra krillsal for Stig Remøy og Rimfrost. Neste år kjem nyebåten. Foto: Rimfrost/Kjetil Haanes
Nytt

Selde krill for 320 millionar kroner

Stig Remøy og Rimfrost med solid overskot på sal av krill, og ventar no på ny båt.

27.10.2021

Det Herøy-baserte krillselskapet Rimfrost omsette i fjor for 320,8 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 151,6 millionar. Begge deler er solid forbetring frå året før.

Selskapet driv med vidaresal av krillprodukt, i tillegg til å ha management av fiskefartøy.

(saka held fram etter tabellen)

Rimfrost
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 320,8 226,7
Driftsresultat 154,4 75
Resultat før skatt 151,6 76,2

Milliardskip
Rimfrost har ikkje ein einaste båt i drift, men har ny båt under bygging ved Tersan, der båten skal ferdigutrustast ved Westcon Group.

Kongsberg Maritime har designet på båten som kostar over ein milliard kroner.

Nyebåten er venta å vere klar til krillfisket i Antarktis hausten neste år.

Rimfrost sel difor av eit opparbeidd varelager, og selskapet opplyser i årsmeldinga at det var godt sal av krillprodukt i 2020, trass i at covid-19 påvirka salet i andre halvår.

I 2021 har salet på nytt auka.

Utvikla nytt oppdrettsfôr
Selskapet har også gjennomført ein studie retta mot oppdrett av laks, ein studie som viser svært positive resultat for veksten av oppdrettslaks.

Styret viser til at produktet er basert på Rimfrost sin patenterte teknologi, og dette produktet, i tillegg til sal til eksisterande marknader, vil tilføre Rimfrost ytterlegare innteksstraumar.

Forsøk som forskingselskapet Nofima - i samarbeid med Rimfrost - har gjort med krillhydrolysat viser at fôr med krillhydrolysat gav fisk på omlag 420 gram etter 12 veker i sjøen. Fisk som fekk det same fôret, men utan krillhydrolysat, vaks berre til 290 gram i den same perioden.

Rimfrost har ein eigenkapital på 282,7 millionar kroner og null i langsiktig gjeld.

Selskapet har hovedkontor i Herøy, med avdelingskontor i Ålesund, og hadde ved årsskiftet 15 tilsette. I tillegg har ein hatt fleire konsulentar i arbeid for selskapet.

Publisert: 27.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 26.10.2021 22:12

Mer om