Havila Castor Per og beent
HAVILA CASTOR: Per Sævik og Bent Martini framfor Havila Castor på jomfruturen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Her fungerer alt perfekt

Havila Castor framme i Herøy. Bent Martini trur at denne gangen skal alt gå fint. Sjå video frå ankomsten.

11.05.2022

Med rundt 220 gjestar om bord, la Havila Castor, Havila Kystruten sitt andre skip, ut på jomfruturen i Bergen tysdag.

Om bord var også eit mannskap på 90, samt Havila Kystruten-direktør Bent Martini og Havila Kystruten-eigar Per Sævik.

Sjå video frå ankomsten i Herøy:

Lært av feila
Dei var strålande fornøgde med skipet etter at det var ein del tekniske problem då det første skipet, Havila Capella, vart sett i drift i desember i fjor.

- Vi har lært av feila med Havila Capella. Her om bord fungerer alt heilt perfekt, seier Bent Martini.

Han rosar dei tilsette som klarde å gjere skipet ferdig i løpet av fem dagar i Bergen.

- Ein heilt utruleg god innsats.

20220511 082716
JOMFRUTUR: Havila Castor passerer under Herøybrua for første gong. Foto: Kjetil Haanes

Høgare fart
Havila Capella gjekk med rundt 13 knop i snitt på turen frå Tersan-verftet i Tyrkia til Bergen, medan Havila Castor i snitt gjekk eit par knop raskare.

- I tillegg brukte vi mindre drivstoff. Vi har lært mykje undervegs, seier Martini.

- Sanksjonar kan ikkje stoppe skipet
Havila Capella er råka av sanksjonar, og har enno ikkje fått løyve av styresmaktene til å gjenoppta ruta mellom Bergen og Kirkenes.

På spørsmål om Martini kan love at Havila Castor vil gå inn i regulær rute, svarar han at alt ligg til rette for det.

- Denne skuta eig vi sjølv, og det er i alle fall ikkje sanksjonar som kan stoppe oss.

- God kjensle
Før ankomst Torvik onsdag, hadde Havila Castor eit lite stopp utanfor Havila Kystruten sitt hovedkvarter på Mjølstaneset. Mange hadde møtt fram for å helse nyeskuta velkomen.

- Utruleg gledeleg at vi endeleg er i gang med skip nummer to. Det gir ei god kjensle, spesielt når alt ser ut til å fungere som det skal, seier Per Sævik.

20220511 081601
DIAMANTEN: Havila Castor stoppa på jomfruturen utanfor Diamanten, hovedkontoret til Havila Kystruten. Foto: Kjetil Haanes

Publisert: 11.05.2022 09:14

Sist oppdatert: 11.05.2022 13:03

Mer om