Arne Johan Dale Bent Martini Jon Ivar Nygård Per Sævik foto Samferdselsdepartementet 11
MJØLSTADNESET: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (nr. 3 f.v.) har ansvaret for avtalen med Havila Kystruten om å segle Bergen-Kirkenes med til saman fire skip. I dag fekk han mellom anna møte finansdirektør Arne Johan Dale (t.v.) administrerande direktør Bent Martini og eigar Per Sævik (t.h.) Foto Samferdselsdepartementet
Nytt

Fekk statsrådbesøk – men ingen avklaring

Kystruten orienterte samferdsleministeren om utfordringane - og om få dagar kjem neste skip.

Marius Rosbach
02.05.2022

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) besøkte måndag hovedkontoret til Havila Kystruten.

Kort tid før møtet på Mjølstadneset i Herøy hadde reiarlaget sendt ut melding om at også den komande seglasen med Havila Capella blir kansellert.

Avlysinga kjem som følgje av manglande forsikring for skipet, den siste i rekka av utfordringar reiarlaget har møtt med bygging av skipa og oppstarten på den tradisjonsrike seglasen langs norskekysten.

Kommunikasjonsansvarleg Lasse Vangstein påpeiker at besøket med statsråden dreia seg om eit «lyttemøte».

Det kom difor ingen avklaring frå regjeringa i spørsmålet om forsikring. Her ventar reiarlaget på svar frå Utanriksdepartementet.

– Statsråden kom for å lytte til våre utfordringar. Det er hyggeleg at han tek seg tida, og vi informerte om ting som er relevant for drift og framdrift knytt til avtalen vi har med samferdselsdepartementet om å etter kvart drifte fire skip, svarar Vangstein på spørsmål om kva reiarlaget fortalde ministeren.

– Ventar på tilbakemelding
Inntil vidare ligg Havila Capella til kai i Bergen, der skipet har vore stranda sidan 12. april.

I førre veke blei det kjent at forsikringsselskapet Gard ikkje vil søke om dispensasjon frå forsikring for skipet, og i staden foreslo staten som garantist.

Kva tid ei avklaring er venta, er ikkje mogleg å seie.

- Vi ventar på tilbakemelding frå Utanriksdepartementet som gjeld løysningene vi jobbar med, og håpar på snarleg svar, uttalte Kystryten-sjef Bent Martini i ei pressemelding om kanselleringa av neste rundtur.

(saka held fram under)

Myklebust verft jon ivar nygård foto samferdselsdepartementet 11
VERFTSBESØK: Følget til samferdsleministeren var også innom for ein omvisning på hurtigruteskipet Richard With, som er under ombygging ved Myklebust-verftet i Sande. Foto: Samferdselsdepartementet

Ei veke til Havila Castor-seglas
Samtidig er skip nummer to på veg mot Norge, og venta til kai i Bergen fredag. Planen er at Havila Castor skal legge ut på jomfruseglasen Bergen-Kirkenes neste tysdag, 10. mai.

Følg AIS-sporinga til Havila Castor her (ekstern lenke)

– Vi har ålreite booking-tal og før helga var det godt over halvfullt frå Bergen. I tillegg kjem ein del personar som skal vere med fordi det er ein jomfrutur og nokre kjem om bord underveis på rundturen, legg Vangstein til.

Små endringar på børs
Trass utfordringane stod aksjekursen til reiarlaget likevel med ein minimal nedgang ved 15-tida.

To andre Sævik-dominerte selskap, Havila Shipping og Havyard, hadde begge hatt ein god start på børsdagen. Førstnemnte heldt koken ut dagen med ein oppgang på 4,64 prosent ein dryg time bør stengetid.

Oppgangen til Havyard Group-aksjen fordunsta utpå ettermiddagen, og var då ned meir enn fem prosent.

Publisert: 02.05.2022 15:17

Sist oppdatert: 02.05.2022 16:37

Mer om