- Ja, dette er rom 209, 210 og 211, seier hotelldirektør Preben Moen.
Han er i full gang med å pusse opp alle roma på det ærverdige hotellet på Sandane. No skal roma også få individuelt særpreg.
- Vi gir roma namn etter personar som har betydd mykje for hotellet.
- Max Manus var her mykje etter krigen og fiska laks.
- Og Oddbjørn og Petter er godt kjende her, seier Moen.
Utanfor romdøra til Northug jr. skal det limast fast nokre jentesko.
- Ja, han hadde skikkeleg drag på jentene her i Gloppen, så nokre jentesko utanfor døra får han tole.
Preben Moen seier at noko av forklaringa til det litt svake resultatet skuldast store utgifter knytt til hotellet si 150-årsfeiring.
- Vi slo skikkeleg på stortromma, og laga mellom anna ei 180 siders jubileumsbok.
- I tillegg bestilte vi tre pallar med jubileumsvin, og her gjekk vi på ein skikkeleg Eurosmell.
- Det ser veldig bra ut. Vi forventar ein omsetningsvekst på mellom fem og ti prosent.
Det er først og fremst konferansar, lakesfiskarar og andre individuelle gjestar hotellet satsar på.
- Vi skal vere eit hotell med sjel og særpreg, og seier nei til stort sett alle busslastar med turistar.
Fire år seinare har han kjøpt ut broren Dag Håkon, og er eineeigar av både hotellselskapet og eigedomsselskapet.
- Dag Håkon syntest prisen var for lav, eg syntest han var for høg, så då var det sikkert greit for begge, seier Preben Moen.
Det er eigedomsselskapet som står for oppussing av roma. Dette selskapet hadde i 2016 inntekter på 4,8 millionar kroner og eit resultat før skatt på solide 2,6 millionar.
Han er i full gang med å pusse opp alle roma på det ærverdige hotellet på Sandane. No skal roma også få individuelt særpreg.
- Vi gir roma namn etter personar som har betydd mykje for hotellet.
- Max Manus var her mykje etter krigen og fiska laks.
- Og Oddbjørn og Petter er godt kjende her, seier Moen.
Utanfor romdøra til Northug jr. skal det limast fast nokre jentesko.
- Ja, han hadde skikkeleg drag på jentene her i Gloppen, så nokre jentesko utanfor døra får han tole.
Eurosmell på vin
Gloppen Hotell hadde rekordomsetning i fjor med ei omsetning på 26,6 millionar kroner. Men resultatet før skatt stoppa på 0,4 millionar.Preben Moen seier at noko av forklaringa til det litt svake resultatet skuldast store utgifter knytt til hotellet si 150-årsfeiring.
- Vi slo skikkeleg på stortromma, og laga mellom anna ei 180 siders jubileumsbok.
- I tillegg bestilte vi tre pallar med jubileumsvin, og her gjekk vi på ein skikkeleg Eurosmell.
Trur på vekst
Moen har store forhåpningar til årets sesong.- Det ser veldig bra ut. Vi forventar ein omsetningsvekst på mellom fem og ti prosent.
Det er først og fremst konferansar, lakesfiskarar og andre individuelle gjestar hotellet satsar på.
- Vi skal vere eit hotell med sjel og særpreg, og seier nei til stort sett alle busslastar med turistar.
Eineeigar
Preben Moen overtok som hotelldirektør i 2013 då faren brått døydde. Preben Moen var då berre 23 år.Fire år seinare har han kjøpt ut broren Dag Håkon, og er eineeigar av både hotellselskapet og eigedomsselskapet.
- Dag Håkon syntest prisen var for lav, eg syntest han var for høg, så då var det sikkert greit for begge, seier Preben Moen.
Det er eigedomsselskapet som står for oppussing av roma. Dette selskapet hadde i 2016 inntekter på 4,8 millionar kroner og eit resultat før skatt på solide 2,6 millionar.
Max Manus var her mykje etter krigen og fiska laks
Publisert: 16.03.2017 15:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07