Mange hadde møtt fram for å helse den nyaste tilveksten i herøyflåten vel heim.
På plass var også brørne Per (79) og Reidar Smådal (67), som tok imot sin sjette båt med same namn.
- Ein flott båt. Eg trur vi skal få mykje glede av denne båten.
- Eg har framleis skipperpapira i orden.
Også Per har lyst til å teste ut nyebåten, sjølv om han nærmar seg dei 80.
- Ja, dette er noko anna enn den første Smaragd. Det har vore ei eventyrleg utvikling.
- Berre sjå på lugarane. Første båten eg var med på i 1954 var vi 14 mann på ein lugar, og alle røykte. Her er det kjempeflotte enkeltmannslugarar for alle.
- Det er viktig at etterkomarane kjem seg i aktivt arbeid på sjøen, og ikkje berre vert sitjande ved ein kontorpult.
- Ja, vi vi skal prøve oss på kolmula, slik at vi får testa ut trålane, seier skipper Petter Geir Smådal.
Han ser fram til å få den kombinerte ringnotbåten og trålaren i drift.
- Vi gler oss til å prøve ut nyebåten. Det ser bra ut hittil, seier han.
Den 74 meter lange og 15,8 meter breie nyebåten er den sjette til Smaragd-reiarlaget i Herøy, og det tredje nybygget.
Som dei fire siste forgjengarane, har båten den spesialutviklla grønefargen som vert kalla for Smådal-grøn.
- Ein god del av dette skuldast konflikten i Ukraina, der eit stålverk fekk problem, seier Smådal.
Han er godt fornøgd med stålarbeidet ved det tyrkiske verftet.
- Ja, det ser ikkje så verst ut.
Båten fekk også eit verkstedopphald på Båtbygg på Raudeberg etter at det vart oppdaga ein feil i propellen.
- Det var ein liten feil, men båten måtte i dokk for å reparere feilen. Dermed tok det litt ekstra tid.
Men no skal det meste vere klart, og lai dag er det feiring med dåp og open båt ved Smaragdkaia på Leinøya.
Båten er også bygt for å utføre forskingsoppdrag, mellom anna med ekstra laboratorium og lugarar.
Totalt er det femten tilsette i selskapet.
- Vi har med ti mann på kvar tur, alle er lokalt tilsette, seier Smådal.
Medan ein har venta på nyebåten, har mesteparten av kvotene vorte fiska av båten Herøy, som Smaragd eig ein tredjedel av.
Havyard MMC står for leveranse av system for lasting, lossing og behandling av fisk, inkludert vakuumanlegg, avsiling, tankvasking, vassbebehandling, RSW-anlegg og automasjonsanlegg.
Norwegian Electric Systems i Bergen har på si side levert thrustermotorar, startarar, generatorar, transformatorar, tavler og landstraumanlegg.
- Det gode resultatet skuldast i hovudsak salet av gamlebåten, som var nedskriven, seier Smådal.
Aase Nyberg Smådal er største aksjonær med 24,5 % av aksjane. Dei øvrige aksjonærane er Reidar Smådal (20 %), Kari Terøy Smådal (13,5 %), Sigurd Terøy (11 %), Silje Smådal (10 %), Torbjørn Hide (10 %), Petter Geir Smådal (10 %) og Per Smådal (1 %).
På plass var også brørne Per (79) og Reidar Smådal (67), som tok imot sin sjette båt med same namn.
- Ein flott båt. Eg trur vi skal få mykje glede av denne båten.
Vil vere med på fiske
Reidar seier at han nok kjem til å vere med ein tur eller to.- Eg har framleis skipperpapira i orden.
Også Per har lyst til å teste ut nyebåten, sjølv om han nærmar seg dei 80.
- Ja, dette er noko anna enn den første Smaragd. Det har vore ei eventyrleg utvikling.
- Berre sjå på lugarane. Første båten eg var med på i 1954 var vi 14 mann på ein lugar, og alle røykte. Her er det kjempeflotte enkeltmannslugarar for alle.
Generasjonsskifte
Brørne er glade for at neste generasjon no har tatt over, både som fiskarar og på eigarsida.- Det er viktig at etterkomarane kjem seg i aktivt arbeid på sjøen, og ikkje berre vert sitjande ved ein kontorpult.
På kolmulefiske
Båten kom til heim til Leinøya rundt tre månader etter planen. Etter å ha fått om bord vegna og testa utstyret, berst det rett på fiske.- Ja, vi vi skal prøve oss på kolmula, slik at vi får testa ut trålane, seier skipper Petter Geir Smådal.
Han ser fram til å få den kombinerte ringnotbåten og trålaren i drift.
- Vi gler oss til å prøve ut nyebåten. Det ser bra ut hittil, seier han.
Den 74 meter lange og 15,8 meter breie nyebåten er den sjette til Smaragd-reiarlaget i Herøy, og det tredje nybygget.
Som dei fire siste forgjengarane, har båten den spesialutviklla grønefargen som vert kalla for Smådal-grøn.
Forseinka av Ukraina-konflikten
Båten er av Havyard 532-design og utrusta ved Havyard sitt verft i Leirvik. Skroget er bygt ved Cemre-verftet i tyrkiske Yalova, og herifrå var skroget tre og ein halv månad forseinka.- Ein god del av dette skuldast konflikten i Ukraina, der eit stålverk fekk problem, seier Smådal.
Han er godt fornøgd med stålarbeidet ved det tyrkiske verftet.
- Ja, det ser ikkje så verst ut.
Båten fekk også eit verkstedopphald på Båtbygg på Raudeberg etter at det vart oppdaga ein feil i propellen.
- Det var ein liten feil, men båten måtte i dokk for å reparere feilen. Dermed tok det litt ekstra tid.
Men no skal det meste vere klart, og lai dag er det feiring med dåp og open båt ved Smaragdkaia på Leinøya.
Mange finessar
Der vil dei frammøtte få sjå fleire finessar på båten. Mellom anna har båten overbygd shelterdekk, innebygd notbinge og pumping av trål over hekken.Båten er også bygt for å utføre forskingsoppdrag, mellom anna med ekstra laboratorium og lugarar.
Totalt er det femten tilsette i selskapet.
- Vi har med ti mann på kvar tur, alle er lokalt tilsette, seier Smådal.
Medan ein har venta på nyebåten, har mesteparten av kvotene vorte fiska av båten Herøy, som Smaragd eig ein tredjedel av.
Havyard-utstyr
I tillegg til å teikne og byggje båten, har Havyard levert mykje utstyr til nye Smaragd. Mellom anna gjeld det alarm- og automasjonsanlegg, utstyr for navigasjon, kommunikasjon og fiskeleiting, samt bru- og maskinromspultar.Havyard MMC står for leveranse av system for lasting, lossing og behandling av fisk, inkludert vakuumanlegg, avsiling, tankvasking, vassbebehandling, RSW-anlegg og automasjonsanlegg.
Norwegian Electric Systems i Bergen har på si side levert thrustermotorar, startarar, generatorar, transformatorar, tavler og landstraumanlegg.
Rekordresultat
Partseiarlaget Smaragd leverte elles sitt beste resultat nokon gong i 2014, med eit resultat før skatt 56 millionar kroner av ei omsetning på 92 millionar kroner.- Det gode resultatet skuldast i hovudsak salet av gamlebåten, som var nedskriven, seier Smådal.
Aase Nyberg Smådal er største aksjonær med 24,5 % av aksjane. Dei øvrige aksjonærane er Reidar Smådal (20 %), Kari Terøy Smådal (13,5 %), Sigurd Terøy (11 %), Silje Smådal (10 %), Torbjørn Hide (10 %), Petter Geir Smådal (10 %) og Per Smådal (1 %).
Det er viktig at etterkomarane kjem seg i aktivt arbeid på sjøen, og ikkje berre vert sitjande ved ein kontorpult
Publisert: 08.08.2015 06:02
Sist oppdatert: 03.01.2022 13:07