– Det er ein ny bransje for meg, som eg skal lære og forstå. Ikkje minst er det komplekse produkt, seier Ingegjerd Eidsvik til Nett No.
Tidlegare i år starta ho opp som ny sjef for innovasjon og utvikling i bedrifta med hovudkontor på Hareid. Denne veka har ho møtt bransjen for første gong i si nye rolle på den store Nor-Shipping-messa på Lillestrøm.
– Eg har treft representantnettverket vårt. Eg høyrer på det dei kjenner på, kva marknaden etterlyser, eller ser som moglege forbetringar, seier ho.
Framover skal ho vere med å stake ut kursen vidare for konsernet som la bak seg et eit nytt toppår i 2024.
Det er utsikter til ny vekst i 2025: – Vi har fått ein veldig god start på året, seier Eidsvik.
Les også
Ny rekordomsetning i fjor
Rekneskapen er ikkje klar frå Brønnøysund enno, men Eidsvik kan fortelje at det vart ny inntektstopp for Jets-konsernet – og nest høgaste overskot nokon gong.
Omsetninga i fjor enda på 760 millionar kroner – opp seks prosent frå året før.
Også overskotet held seg på svært solide 174 millionar kroner før skatt. Sjølv om det er ein liten nedgang frå 183 millioner 2023, gir det framleis ein resultatmargin på nær 23 prosent.
– 2024 var også prega av uro i globale forsyningskjeder som har gitt høgare fraktkostnader, fortel Eidsvik.
Saman med innføring av nytt ERP-system var det med på å dra opp kostnadene i fjor. Intern opplæring er eit anna område som har fått meir merksemd.
Vekst på maritim og ettermarknad
Jets lagar i første rekke toalett med ein vakuumteknologi som gjer at ein kan nytte mindre vatn, enn tradisjonelle toalett.
Salet i fjor auka for både den maritime delen og ettermarknaden, medan det var ein liten tilbakegang på landsida av verksemda.
Dei fleste toaletta til Jets blir installert om bord på båtar, med dei nyttast også som mobile einingar og er prøvd ut i bustader.
Same teknologi - nytt bruksområde
Det selskapet omtalar som «retail»marknaden er eit område Eidsvik meiner har stort potensiale.
– Vi brukar same teknologien til å samle opp vatn frå kjøle- og frysediskar. Eg visste ikkje før eg starta i Jets at selskapet hadde slike produkt som ikkje var knytt til toalett, seier hun.
– Eg synest det er spennande å sjå korleis ein kan bruke den same basen med teknologi, inn i veldig mange ulike segment, legg ho til.
Nær dobling av innovasjonsteam
Jets-konsernet med fleire enn 200 tilsette har stadig slått nye rekordar dei siste åra. Noko av Eidsvik si oppgåve er å sørgje for at trenden held seg.
– Det er eit veldig spennande selskap med god kultur og flinke folk, seier ho.
Eidsvik fortel at teamet som jobbar med innovasjon og utvikling i Jets, er breitt samansett - og utvida betydeleg i løpet av kort tid. Det siste året har dei auka frå seks til ti personar, og no er dei på jakt etter éin til.
– Vedkomande skal i hovudsak jobbe med lab-en vår, ha ansvar for testing og jobbe inn mot prosjekta våre frå Hareid, seier ho.
Publisert: 06.06.2025 09:38
Sist oppdatert: 06.06.2025 09:39






