– Her må aktørane kjenne si besøkstid
Lengre liggetid for kystruteskipene gir nye moglegheiter for reiselivet.
Frå 1. januar vart liggetida i Ålesund for kystruteskipa mellom Bergen og Kirkenes utvida til over ti timar. Ingen annan stad på den tradisjonsrike ruta vil skipa ligge så lenge.
NETT NO har tidlegare omtala korleis den nye ruteplanen kan gi dei reisande moglegheita til å utforske større delar av Nordvestlandet – og til dømes gå på skipa ved neste stopp i Molde.
Dette er ein stor sjanse for reiselivet i regionen
– Ein stor sjanse
Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og leiar Torunn Dyrkorn,i Visit Nordvest, påpeiker at den rekordlange liggetida byr på moglegheiter for reiselivet.
– Dette er ein stor sjanse for reiselivet i regionen. Her må aktørane kjenne si besøkstid og sjå potensialet mellom anna for å skape meir aktivitet utanom sommar og høgsesongen, uttaler reiselivssjefane i ei felles pressemelding med fleire aktørar i bransjen.
Etter årsskiftet vil skipa ligge i Ålesund frå 9.45 om føremiddagen til 20.00 om kvelden i vinter- og vårsesongen når skipa ikkje går til Geiranger eller Hjørundfjorden.
«Opplevinga av fiskerifylket»
Havila Kystruten er snart klare til å sette inn sine skip, og trafikkere Bergen-Kirkenes saman med Hurtigruten. Reiarlaget er mellom aktørane som jobbar med nye utflukter i regionen.
Selskapet opplyser at dei med den nye ruteplanen, mellom anna vil tilby dei reisande «opplevinga av fiskerifylket Møre og Romsdal ved å by dei med på fisketur», heiter det i pressemeldinga.
Romsdalsgondolen som opnar i mai 2021 er mellom andre nye tilbod som blir trekt fram, og som truleg vil lokke turistar på kystruteseglas.
Publisert: 23.04.2021 13:54
Sist oppdatert: 24.04.2021 13:43