– No er vi på full fart ut i havet, seier NTNU-professor Hans Petter Hildre om satsinga på Fjordlab Ålesund - eit flytande teknologisenter det er knytt store forventingar til.
Eit tilbakeblikk viser at det har vore ein lang veg fram til ei realisering av det som skal vere eit feltlaboratorium lokalisert midt i Ålesund sentrum.
Allereie i 2018 jubla Hildre for at det var løyvd pengar til å etablere eit fjordlaboratorium i Ålesund i samband med satsinga på Norsk havteknologisenter i Trondheim.
Sidan har åra gått og prosjektet har vore revurdert fleire gonger, inntil det i 2024 blei gitt formelt klarsignal for å sette i gong bygginga.

Skal vere på sjøen til hausten
I dag er Fjordlab Ålesund kome mange skritt nærare ei etablering og denne veka kom Hildre saman med NTNU-professor Øivind Kåre Kjerstad med ei «løypemelding» for prosjektet under Haramskonferansen.
Mellom anna har NTNU inngått avtale med Marina Solutions som i samarbeid med Ulstein Betong Marine og fleire andre bedrifter, skal levere sjølve flytekonstruksjonen til Ocean Campus.
Om alt går etter planen skal den 20 gangar 12 meter store konstruksjonen med kjellar og to etasjar, vere klar til bruk i oktober.

Flåte med dronar og fartøy
– Ocean Campus er veldig viktig operasjonelt og i utviklinga av fjernstyringssystema, men hovudvekta av det som blir skapt av vitenskapelige data kjem til å komme frå systema i havet, seier Kjerstad.
I arbeidet vil det mellom anna bli teke i bruk fleire arbeidsbåtar og ein rekke sjø- og luftdronar som kan nyttast på ulike måtar.
– Dette kan verte ein utruleg arena for vidare innovasjon for heile den maritime klynga, meiner Hildre.
Ein del av målet med arbeidet er at det skal springe eit bedrift årleg ut av miljøet kring det flytande teknologisenteret.
– Viss ein og anna av dei bedriftene klare å skalere, så kan det vere eit stort bidrag til vekst i den maritime klynga, legg Hildre til.
Testområde for autonom skipsfart
Det flytande laboratoriet skal plasserast ved Blixvalen rett ved Meierikaia i Ålesund sentrum. Samtidig er satsinga tett knytt til det som er eit testområde for sjølvstyrt skipsfart som strekk seg frå Geiranger ut til Runde og Nordøyane.
– Det er godkjent både for testing av autonome skip og energi- og fiskeriutstyr. Og alt ligg innafor eit veldig kompakt område ein ikkje finn andre plassar, så vidt vi er kjent med, fortel Kjerstad.
Han meiner område som både er grunt og djupt, og med ope og lukka farvatn, er godt eigna. Det er også eit viktig knutepunkt for trafikk til sjøs, som gir gode føresetnader for å oppnå det ein ønsker.

– Operasjonssentral for alt som skal skje
Hjartet eller kjernen i satsinga er den flytande konstruksjonen som no skal byggast ved Ulstein Betongindustri sitt anlegg utanfor Ulsteinvik.
– Det er flytaren som skal ligge i sentrum av Ålesund og her skal vi ha ein operasjonssentral for alt som skal skje, seier Kjerstad.
I tillegg vil det bli ein operasjonssentral ved Norsk Maritimt Kompetansesenter på Nørve. Kjerstad fortel at det er eit miljø ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk som skal bruke utstyret til opplæring av folk.
Dei har óg eit miljø som skal utvikle sjølve teknologien.
– Vi kjøper ein del hyllevare også utviklar vi resten sjølve. Det gir oss en fleksibilitet til å ta desse tinga ganske raskt framover, legg Kjerstad til.

Kunstig intelligens og digital tvilling
Kunstig intelligens og bruk av sensorar vil stå sentralt i arbeidet. Mellom anna vil det bli utvikla ein digital tvilling av havstrekningane.
– Vi skal finne ut kva AI (kunstig intelligens, journ. anm.) kan gjere for maritime næringar, seier Hildre.
Det kan gjelde logistikk for å anslå vareflyt, overvaking av maskinar for å sikre vedlikehald, eller å legge til rette for autonom skipsfart.
Teknologien kan også nyttast til å analysere bølgjer, straum og vind, slik at ein kan finne optimale ruter og hastigheiter for skipstrafikken.
Dronar i lufta og i havet
Dronar både til sjøs og i lufta er andre sentrale element i arbeidet.
Allereie har dei eit par 4-5 meter lange sjødronar – også kalla fjernstyrte overflatefartøy – og nokre mindre. Dei har også dronar som kan nyttast i lufta.
Arbeidsbåten «Innovator» vil ha ei anna sentral rolle. Det er ein 13 meter lang arbeidsbåt som er bygd av Skarsvåg Boats på Hitra.
– Den er bygd som ein forskingsbåt og det er lett å trekke kablar og demobilisere utstyr om bord. Den har også ei sensorpakke og dieselelektrisk framdrift, fortel Kjerstad.
Publisert: 14.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 13.02.2026 23:54






