Rita Saevik Birgitte Grongstad Kvalsvik foto marius 11
NY UTSTILLING: Rita Sævik og Birgitte Grongstad Kvalsvik framfor eitt av bilda til Arnold Dahlslett i restauranten på Horisont-bygget. Galleri R/Art opnar ny utstilling med den nyleg avdøde kunstnaren 1. mai. Bildet er teke før dødsfallet var kjent. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stor interesse for kunstnar: – Har ikkje opplevd liknande

Rita Sævik har på kort tid blitt ein av regionens største kunstseljarar. No opnar ho utstilling med blanda kjensler.

Marius Rosbach
28.04.2024

Galleri R/Art har sidan opninga i 2022 vekse til å bli eit av dei største kunstutsala på Nordvestlandet.

Men når Herøy-galleriet opnar si neste utstilling med Arnold Dahlslett 1. mai, er det med blanda kjensler: Kunstnaren døyde førre helg etter lengre tids sjukdom

– Utstillinga skal likevel gå sin gong, så det blir på eit vis siste gong han stiller ut, fortel Rita Sævik til Nett No.

Trur utstillinga blir utselt
Interessa for målaren sin kunst var stor frå før – og har ikkje blitt mindre etter dødsfallet. Galleristen fortel at dei reknar med svært stor pågang.

– Eg har ikkje opplevd liknande interesse. Folk ringer frå Oslo og alle plassar, som ønsker å kjøpe, fortel Sævik.

– Om ein ønsker nokre av desse bilda, bør ein nok vere på opninga, legger Birgitte Gronstad Kvalsvik til.

Ho er Rita Sævik si «høgre hand» med den offisielle tittelen «chief operating officer», og har vore kurator for alle kunstutstillingane til R/Art-galleriet

Rita Saevik Birgitte Grongstad Kvalsvik foto marius 22
STORSAL AV KUNST: Rita Sævik og Birgitte Grongstad Kvalsvik i lokala til Galleri R/Art. Galleriet er på kort tid blitt mellom dei største salskanalane for ny kunst på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach

Selde for fire millionar i fjor
Kunstgalleriet på Mjølstadneset opna dørene halvvegs ut i 2022. I første heile driftsår i fjor blei det selt kunst for kring fire millionar kroner.

– I fjor hadde vi kring 200 personar på Håkon Bleken-utstilling og selde 92 verk. Berre på den eine utstillinga selde vi for 2,5 millionar, seier Sævik.

Det gjer at Galleri R/Art plasserer seg heilt i toppen mellom kunstseljarane på Nordvestlandet. Khåk Kunsthall i regi av Ålesund kunstforening er truleg dei einaste som sel ny kunst for same verdi på Nordvestlandet.

Styreleiar Håkon Raabe opplyser at foreininga årleg seljer kunst for mellom fire og fem millionar kroner i løpet av eitt år. Det er snakk om bruttosalet, og pengane blir delt på kunstnar og gallerist.

Lofoten-suksess er forbilde
Sævik har tidlegare trekt fram Kaviarfabrikken i Lofoten som eit forbilde for satsinga på Mjølstadneset. Hit kjem fleire tusen besøkande årleg, og mange av dei med hurtigruteskipa som legg til kai ved den tidlegare fabrikken i Honningsvær.

– Det finaste vi opplever i kvardagen er når vi ser at folk kjem hit og får ei oppleving som verkeleg treff dei, seier ho.

Galleristen meiner dei er på god veg, men påpeiker at dei tek steg for steg.

– Sakte men sikkert har vi begynte å bygge opp ein kultur for å kome hit. Framleis opplever vi at den største kundemassen kjem frå andre plassar, som Ålesund, Ulsteinvik, Ørsta og Volda, seier Sævik.

Arnold Dahlslett foto privat
STARTA SOM GRAFIKAR: Arnold Dahlslett blei først anerkjent som grafiker, men valte i seinare år vekk grafikk til fordel for maleri. Motiva kretsar rundt møtet mellom natur og geometri, kulturhistorie og notid. Foto: Privat

– No snakkar CV-en til galleriet for seg
I kunstverda er det viktig at galleriet kan vise til at dei har stilt ut gode kunstnarar tidlegare.

Magne Furuholmen har vore ein døropnar for galleriet i havgapet, og var den første kunstnaren som stilte ut. Etterpå har det vore utstillingar med Håkon Bleken, Nico Widerberg, Karin Augusta Nogva, Per Lysgaard – og no sist Javier Barrios.

– Vi har fått den nødvendige tilliten i marknaden og no snakkar CV-en til galleriet for seg, seier Rita Sævik.

Ved Arnold Dahlslett-utstillinga som opnar 1. mai, er det flest maleri blant verka som blir stilt ut, men også nokre trykk. Prisklassa er frå 8.000 kroner til 130.000 kroner.

– Dette blir ei spesielt flott utstilling og han var ein av dei verkeleg store. Han er kjøpt inn av Nasjonalgalleriet og har selt ut dei siste utstillingane han gjorde, påpeiker Birgitte Gronstad Kvalsvik.

Pluss på galleri – minus på servering
Galleriet ligg i austenden Horisont-bygget der også Ervik & Sævik held til, saman med ei titals andre bedrifter.

I andre enden ligg eit stort serveringslokale – og i mellom er ein foajé der Sævik på sikt håpar å ta i mot reisande frå skipa til både Kystruten, Hurtigruten og andre cruiseturistar. Bygget elles er også fylt med kunstverk og designmøblar frå Sævik si eiga samling.

Sævik fortel at galleridrifta går i pluss, medan restaurantdrifta har vore eit tapsprosjekt til no.

– Framover vil vi konsentrere oss om bryllaup, utleige til andre lukka selskap og eigne arrangement for å sikre oss inntening, fortel Sævik.

Publisert: 28.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 28.04.2024 00:48

Mer om