Rita Sævik galleri 1
KUNSTKAFÉ: Masse kunst på veggane i kaféen i det nye næringsbygget. Også på toaletta er det kunst, som Rita Sævik har samla over ti år. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Kunsten har gitt meg inspirasjon og trøyst

Det starta under bygginga av fiskebåten Christina E i Skagen. Reiar Rita Sævik fekk beskjed om å finne seg ein hobby.

10.06.2022

- Ikkje hadde vi vener eller familie der, det var utfordringar både privat og i forretningslivet og eg heldt på å gå på veggane. Då sa eksmannen min Espen at eg fekk finne meg ein hobby, for eg var ikkje til å vere i hus med.

Hobbyen vart å jogge, ein gong for dag, men i Skagen var det også sju galleri, som den ferske joggaren frå Herøy fatta interesse for.

- Der kjøpte eg mitt første kunstverk, men det balla fort på seg. Til slutt hadde eg kjøpt all kunsten som skulle om bord i nyebåten.

Men det stoppa ikkje der. Etter kvart vart både huset heime og reiarlagskontoret fylt med kunst, frå både norske og utanlandske kunstnarar.

Og så starta samlinga av kunsten som skal visast i det nye kunst- og næringsbygget Horisont på Mjølstaneset i Herøy.

- Alt har stått nedpakka på lager, men no kjem det endeleg i sitt rette element, heilt ute på sjøkanten og nær skipsleia, seier den daglege leiaren i reiarlaget Ervik & Sævik.

Startar med Magne Furuholmen

No er Rita Sævik klar til å vise fram kunstsamlinga, med god hjelp av blant anna Magne Furuholmen, som komande torsdag opnar ei salsutstilling i Horisont. Opninga skjer under ein konferanse om kunst og business i regi av Sparebank1 SMN, med tidlegare Trondheim-ordførar Marvin Wiseth som konferansier.

185 gjester er påmelde til konferansen, og Magne Furuholmen deltek.

- Eg har vore med og påvirka kva Magne har med seg frå atelieret sitt i Asker. Det vert frå alle hans epoker som kunstnar, og vil vise den utviklinga han har hatt.

- Det vert ei unik utstilling med eit trettitals verk.

20220608 124406
HORISONT: - Der oppe kjem det ei rekke med skulpturar, fortel Rita Sævik. Foto: Kjetil Haanes

Widerberg og Bleken
Sjølv har Rita Sævik eit tjuetals verk av Magne Furuholmen i samlinga, som no får sin plass i Horisont.

Widerberg vert den andre som skal ha salsutstilling, ei utstilling som startar 1. desember etter at Furuholmen har avslutta si.

Den neste som kjem er Haakon Bleken.

- Dette er vener eg har frå kunstverda.

- Faktisk er galleriet fullbooka i tre år framover.

R-Art

Sævik seier at ho ikkje hadde peiling på at Furuholmen hadde ein bakgrunn som ein av frontfigurane i a-ha.

- Fullstendig ukjent, men no har eg fått det med meg.

Galleriet har fått namnet R-Art, som eigentleg står for Rita-kunst.

- Men eg forstår om enkelte synst det er eit litt rart namn, seier Rita Sævik.

- Men så er eg då heller ikkje a4 sjølv, og både tenker og handlar litt utradisjonelt.

Utstillinga vert som ei reise gjennom dei siste ti åra av livet mitt, med både store opp- og nedturar
Rita Sævik

Har fulgt hjartet
Reiaren seier at ho hittil har kjøpt kunst med hjartet.

- Ein ser på kunsten kva slags periode av livet mitt det er snakk om.

- Utstillinga vert som ei reise gjennom dei siste ti åra av livet mitt, med både store opp- og nedturar, seier Sævik.

Ho har heller ikkje tenkt å selje noko.

- Nei, dette er ikkje noko eg har gjort for å tene pengar.

Christina E herøybrua
CHRISTINA E: Det var under bygginga av Christina E i Skagen at Rita Sævik fekk interesse for å samle kunst. Foto: Kjetil Haanes

Kjøpte "Landskap med Romsdalshorn"
Ein gong kjøpte ho Eckersberg-måleriet «Landskap med Romsdalshorn» langt over prisantydning på ein auksjon.

Til slutt måtte Sævik ut med nesten 640.000 kroner for måleriet.

- Det er det absolutt verd, seier kunstsamlaren.

Næringsbygget Horisont er på 2800 kvadratmeter over to etasjar, medan sjølve kunstgalleriet er på 180 kvadratmeter.

- Eg håper at denne satsinga vil føre til at fleire tek turen ut i havgapet til Herøy, og at andre også kan få like stor glede av kunsten som eg har fått.

Publisert: 10.06.2022 11:01

Sist oppdatert: 10.06.2022 11:20

Mer om