Rita Sævik foto 11
UTSTILLING: I mai opnar Rita Sævik utstilling med Håkon Bleken sin kunst i R-Art-galleriet på Mjølstadneset. Foto: R-Art
Nytt

Lærte av første driftsår med restaurant og galleri

Rita Sævik skal jobbe meir med fiskeridelen av verksemda framover. Først opnar ho utstilling med ein av landets mest kjende kunstnarar.

Marius Rosbach
15.04.2023

Det har vore nokre hektiske år for Rita Sævik. Etter å ha vore «byggeleiar» for det nye næringsbygget til på Mjølstadneset, flytta leigetakarane inn i fjor vår. I løpet av sommaren opna restaurant og galleri same stad.

- Vi er veldig stolte av det vi har fått til så langt. Nyleg fekk vi glassa inn uteserveringa og spisekapasiteten er auka til 200 personar, fortel Sævik til NETT NO.

Vi tapte mykje pengar
Rita Sævik legg ikkje skjul på at dei lærte mykje i løpet av det første driftsåret. Etter å ha forsøkt med faste tilsette, fann dei ut det ikkje var berekraftig.

Difor tok dei grep og stengte restauranten ei periode tidlegare i år.

– Drifta gjekk ikkje opp med faste tilsette og vi tapte mykje pengar. No bygger vi opp tilbodet att stein for stein, fortel ho.

Løysinga er blitt å tilsette den lokale kokken Niklas Werner, og hyre inn ekstravakter etter behov. I staden for tradisjonell restaurantdrift har dei lukka lag og selskap på kveldstid og helgar.

– Det har vore god respons på utleige av lokala og framover har vi fullt opp med konfirmasjonar, bryllaup og ulike feiringar, fortel Sævik.

I tillegg til lunsjbuffé for leigetakarane er det ope dagleg for besøkande gjestar. På ettermiddagen har dei også ein liten a la carte-meny.

Mykje besøk frå nabokommunar
Sjølv om det kan vere uvant for herøyværingane å reise til Mjølstadneset for å oppleve kunst eller få ein matbit, har Sævik klokkartru på satsinga. Og allereie er her mykje liv.

– I dag hadde vi fire ringnotsnurparar til kai og mange spisegjestar. Dei fekk oppleve eit yrande liv med skipstrafikk og panoramautsikt, fortel ho.

Stadig fleire frå lokalmiljøet har oppdaga det nye tilbodet, men Sævik trur dei framleis er ukjende for mange.

– Vi har mange gjestar som kjem frå Ulstein, Ørsta, Volda og heilt frå Ålesund. Kanskje har dei meir tradisjon for å oppleve kunst, trur Sævik.

Rita sævik 22
UTESERVERING: Rita Sævik ved den innglassa uteserveringa på Mjølstadneset. Foto: R-Art

Lofoten-suksess er forbilde
Sævik har trekt fram Kaviarfabrikken i Lofoten som eit forbilde for satsinga på Mjølstadneset. Hit kjem fleire tusen besøkande årleg og mange av dei kjem med hurtigruteskipa som legg til kai ved den tidlegare fabrikken i Honningsvær

For Horisont-bygget er meir enn eit serveringsstad og kunstgalleri. Heile bygget er også fylt med kunstverk og designmøblar.

– Alle møblane er av norsk design og vi er stolte av å kunne vise fram den posisjonen som Norge har fått på dette området, fortel Sævik.

Med besøk frå cruiseturistar i tillegg til lokale gjestar, trur ho Mjølstadneset kan bli eit trekkplaster på nasjonalt nivå.

Sjeldan mulegheit for Bleken-kunst
Ein anna ting ho elskar, er å vise fram gode kunstnarar. 1. mai opnar galleriet utstilling med verk frå Håkon Bleken, ein av landets mest kjente samtidskunstnarar.

Den 94-år gamle kunstnaren kjem ikkje sjølv til utstillinga, men det gjer ein rekke kunstverk – også fleire som ikkje er vist tidlegare.

Utstillinga blir ein sjeldan mulegheit til å oppleve Bleken sin kunst på Sunnmøre og alle verka er til sals.

– Fiskeri er hovudinntektskjelda
Etter å ha hatt hendene fulle med andre ting enn fisk og båt, ser Rita Sævik fram til å nytte meir tid på denne delen av verksemda til Ervik & Sævik-reiarlaget i året som kjem.

– Fiskeri er hovudinntektskjelda vår og i år vil eg jobbe meir med denne delen av verksemda. Det skjer mykje politisk, mellom anna med kvotemelding frå regjeringa, som gjer at dette vil få mykje fokus, seier ho.

Fisket har i utgangspunktet vore bra, med ei omsetning i fjor på kring 100 millionar. Men dei møter også utfordringar.

– Det var eit godt år på fiskeri i fjor og vi satsar på ei omsetning kring 100 millionar i år. Men det er til eksempel utfordringar med å fiske makrell grunna manglande avtale med Storbritannia, legg ho til.

Ervik & Sævik-reiarlaget har planar om ny båt, men per no kan ikkje reiarsjefen seie noko konkret om kva tid det blir.

– Renteauke og skatteskjerpingar pregar også vårt selskap og gir store ekstrakostnader. Difor blir alt skjøve ut i tid, seier ho.

Publisert: 15.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.04.2023 11:56

Mer om