Morten Holum Hexagon Purus
FORD-AVTALE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum han inngått ein avtale som gjer Hexagon Purus til samarbeidspartnar med Ford Trucks i eit stort EU-finansiert utviklingsprosjekt.
Nytt

Hexagon Purus med Ford-avtale

Skal levere hydrogentankar og system til lastebil-prototype.

07.12.2023

Ford Trucks skal utvikle ein lastebil som går på hydrogen, der tankar og system for å bruke hydrogen som energiberar blir levert av Hexagon Purus.

Det er ein prototype som skal vere ein del av ei større gruppe CO2-utsleppsfrie fartøy, som ein del av eit EU-finansiert forsking og utviklingsprogram for å gjere langstransport på veg utsleppsfri.

Data og erfaringar med køyretøya i programmet skal brukast til vidareutvikling og bruk av utsleppsfri godstransportkøyretøy.

Les børsmelding frå Hexagon Purus her

Første hydrogenlastebil frå Ford
Lastebilen blir den første utsleppsfrie lastebilen frå Ford. Den skal byggast i Tyrkia og planen er å ha bilen klar i 2025.

Vatn kan spaltast i hydrogen og oksygen ved å bruke elektrisitet. Når prosessen blir reversert i ei brenselcelle blir det frigjort energi, som lagar elektrisitet som driv ein elektromotor.

Om elektrisiteten som spaltar vatn til hydrogen og oksygenet, kjem frå atomkraft, sol-, vind- eller vasskraft, er bruk av hydrogen utan utslepp av CO2.

Ni lastebilar
Det EU-finansierte langtransportprosjektet som Ford Trucks og Hexagon Purus skal vere ein del av, omfattar i alt ni ulike lastebilar.

Seks av lastebilane skal gå på batteri, tre på hydrogen, blant dei bilen frå Ford Trucks. Bilane skal vere i drift i 15 månadar og køyre tilsaman ein million kilometer.

Utviklingsprogrammet omfattar 40 partnarar frå 14 land. Samla er det snakk om investeringer på 35,5 millionar euro - kring 419 millionar kroner med dagens kurs.

Publisert: 07.12.2023 09:45

Sist oppdatert: 07.12.2023 21:13

Mer om