Hexagon Composites etablerte i fjor felles-eigde Agilily Fuels Solutions saman med samarbeidspartnaren Agility Fuel System. Ideen var å samle produksjon av drivstofftankar for gass (Hexagon) og utstyr for å få gassen fram til motoren (Agility) i eitt selskap. Målet er å få fleire kundar ved å kunne tilby komplette drivstoffsystem spesielt for store køyrety.
No kjøper Agility Fuels Solutions deler av verksemda til det amerikanske selskapet ClearFUEL USA skriv Hexagon Composites i ei børsmelding.
Prisen er ikkje opplyst.
Etableringa av Agility Fuel Systems skjedde ved at Hexagon Compositets skilde ut det så då var hovudverksemda i selskapet. Drivstofftankar i kompositt til bussar og lette og tunge lastebilar utgjorde rundt 40 prosent av dei samla driftsinntektene til Hexagon Composites i 2015.
No kjøper Agility Fuels Solutions deler av verksemda til det amerikanske selskapet ClearFUEL USA skriv Hexagon Composites i ei børsmelding.
Prisen er ikkje opplyst.
Innsprøyting
ClearFUEL USA lagar mellom innsprøytingsystem for propangass og utstyr for fylling av propangass. Det er den delen av verksemda Agility Fuels Solutions tek over. Som ein del av avtalen blir og nøkkelpersonar med over frå ClearFUEL.Etableringa av Agility Fuel Systems skjedde ved at Hexagon Compositets skilde ut det så då var hovudverksemda i selskapet. Drivstofftankar i kompositt til bussar og lette og tunge lastebilar utgjorde rundt 40 prosent av dei samla driftsinntektene til Hexagon Composites i 2015.
Publisert: 12.05.2017 07:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09