Historisk godt aar for Vartdal Plast
EIGARAR OG DRIVARAR: Sindre (t.v.) og Jan Endre Vartdal er høvesvis fabrikksjef og administrerande direktør ved Vartdal Plast. Brørne eig også ein tredel kvar av konsernet. Det same gjer syster og styreleiar Ingvild Vartdal. 
Nytt

Historisk godt år for Vartdal Plast

- 2019 var eitt år då alt klaffa, seier Jan Endre Vartdal - og 2020 ser ikkje mykje dårlegare ut for Vartdal Plast.

Marius Rosbach
10.09.2020

2019-rekneskapen i holdingselskapet til Vartdal Plast-konsernet viser eit historisk godt resultat.

Omsetninga auka med meir enn 100 millionar og resultat før skatt blei tredobla samanlikna med året før (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil). Auken i driftsinntekter er på drygt 14 prosent.

- 2019 var eitt år då alt klaffa. Både når det gjaldt drift og sal, var fjoråret vårt beste år historisk sett, fortel dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Ørsta-bedrifta til NETT NO.

Finansinntekter på nær 40 millionar kroner bidreg også til det gode resultatet for konsernet, ifølgje årsrapporten.

Jamn høg etterspurnad
Inntektene til Vartdal Plast kjem i første rekke frå produksjon av transportkasser for fisk og byggisolasjon i ekspanderbar polystyren (EPS).

nettnohalf

- Vi jobbar i hovudsak innafor to segment – bygg og emballasje for fisk – og det er sjeldan at dei slår til samtidig. I fjor gjorde dei det. Vi hadde god produksjon og drift på fabrikkane. Samtidig fekk vi inn to nye fabrikkar som bidrog til å auke omsetninga, fortel Vartdal.

Medan etterspurnaden dei fleste åra går i bølgedalar, kunne maskinane «tute og gå» jamt i fjor.

– Med det resultatet vi leverte etter fjoråret, fekk vi også full effekt av korleis selskapet er bygd opp ved eigenkapital gjennom mange år, legg han til.

I snitt i løpet av fjoråret var det 56 tilsette i konsernet - tre fleire enn året før.

Full fart i byggebransjen
Då koronapandemien førte til at store delar av det norske og dei europeiske samfunna stengte ned, var det ei periode lågare etterspurnad etter fisk - og difor mindre å gjere for Vartdal-bedrifta.

– Det var hard jobbing for å halde maskineriet i gong, spesielt det å kapre dei kontraktane på byggmarknaden som vi trengde, seier Vartdal.

Dei låg litt bak budsjett før sommaren, men stor aktivitet i byggebransjen har gjort at dei no ligg an om lag som i fjor.

– Til vanleg går mesteparten av august utan at det er noko særleg fart i den marknaden. Men no rann ordrane inn heilt frå starten av månaden. Det er nesten litt uverkeleg å oppleve, fortel han.

Starta med resirkulering
I mai starta dei også opp resirkulering av kasser og emballasje av ESP, eller isopor, som det gjerne blir kalla i daglegtale. Bedrifta har investert i eit anlegg som skal komprimere EPS-en ved ein tidlegare møbelfabrikk på Liadal. Slik kan plastprodukta deira bli til nye produkt, i staden for at det blir avfall.

– Anlegget er i gong og vi har starta å eksportere komprimert EPS. Etter kvart har vi også begynt å få tilbake råstoff som er laga av den komprimerte EPS-en. Det kan vi nytte til å lage nytt råstoff og bruke innan bygg og teknisk emballasje som elektronikk, fortel han.

Snart har dei planar om å inviterte til offisiell opning med inviterte gjestar.

– Vi har også lyst til å ha ein fagleg del, der vi inviterer både politikarar og dei som har vore med å rydde strender, slik at dei også kan sjå at det skjer nye ting og det er moglegheiter til gjenvinning, fortel han.

Les også: Vartdal Plast kjøper Bodø-firma

Automatiserer lastebil-pakkinga

Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar

Synspunkt: Isopor er en miljøvennlig løsning


Vi jobbar i hovudsak innafor to segment – bygg og emballasje for fisk – og det er sjeldan at dei slår til samtidig. I fjor gjorde dei det. 

Vartdal Holding AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

844

736

Driftsresultat

40,9

17,9

Res. før skatt

77,6

23,3


Publisert: 10.09.2020 17:03

Sist oppdatert: 28.07.2021 16:18