Historisk rekord for Sparebanken Sogn og Fjordane
TENER MEIR: Topp-sjef Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane legg fram gode tal for 2019, slik også mange av bankdirektør-kollegaene hans gjer.
Nytt

Historisk rekord for Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er den tredje banken på Nordvestlandet som melder om rekordresultat i 2019.

14.02.2020
NETT NO/NPK-NTB: "Netto renteinntekter er på 938 millionar kroner og er auka med 76 millionar kroner eller 8,9 prosent frå i fjor. God vekst i utlåna og positiv utvikling i kundemarginen dei siste kvartala, har ført til fin vekst i netto renteinntekter. Rentenettoen i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital er på 1,67 % mot 1,62 % for 2018 i fjor. ", skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i den førebelse årsreknskapen for 2019.
Rentenettoen er skilnaden på utlån- og innskotsrente, og aukar rentenettoen aukar lønsemd - noko som var typisk for banknæringa i fjor,

Resultatsesongen er godt i gang for bankane og tidlegare ha både og meldt om rekordresultat og også .

Utlånsauke

Sparebanken Sogn og Fjordane auka utlåna med 5,5 prosent i 2019.
Lån til næringslivet og offentleg sektor auka 4,5 prosent.
Lån til privatpersonar auka 5,8 prosent.

Opp 8,9 prosent

Rentenettoen til bankane enda i fjor på 90,3 milliardar kroner, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein auke på åtte milliardar kroner frå 2018.
Dermed auka nettoen med 8,9 prosent frå 2018. Årsaka til auken kjem av at renteinntektene auka meir enn rentekostnadene.
I 2019 auka Noregs Bank styringsrenta frå 0,75 prosent ved byrjinga av året til 1,5 prosent ved årsslutt. Det gjorde at bankane òg sette opp utlånsrentene sine.
Resultatet frå bankane før andre inntekter og kostnader i 2019 var på 62,2 milliardar kroner. Totalresultatet var 61,8 milliardar kroner, medan andre inntekter og kostnader utgjorde minus 0,6 milliardar kroner.

Publisert: 14.02.2020 16:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53